Debatt

Ikkje kødd med dei kroatiske pølsene våre!

Metoo-brillene har gjort teatekritikar Ilene Sørbøe både trongsynt, moralistisk og unødvendig fordomsfull.

 I si melding av Den siste kongsfesten av Miroslaw Krleža kjem Ilene Sørbøe med grove insinuasjonar om den kunstnarlege integriteten på Det Norske Teatret.

Under tittelen «Sexistisk pølsefest» spør ho om Det Norske Teatret kan i stille seg bak ei framsyning som «ubegrunnet og anmasende objektifiserer kvinner» i kjølvatnet av metoo kampanjen. Ho undrar seg over korleis prosessen kan ha vore for skodespelarane i prøvetida og om teatret har «(…) kviet seg for å sette ned foten for (…) den anerkjente utenlandske instruktøren». Sørbøe går også langt i å skildre framsyninga som «ikkje-kunst», med berre «avkledde skuespillere som kliner og klår på sine kollegaer». Desse alvorlege skuldingane er det umogleg å ikkje svare på, sjølv om vi lever godt med at ei framsyning ikkje kan falle i smak hos alle.

Metoo har vore viktig for teater- og kunstfeltet. Kampanjen er eit vasskilje i norsk teaterhistorie. Norsk teater har dei seinare åra tatt eit oppgjer med ein ukultur som har fått lov å utvikle seg. Dette gjer dei retoriske spørsmåla til Sørbøe særskilt provoserande å lese, fordi ho nærmast påstår at skodespelarane og teatret ikkje er medvitne om jordskjelvet i norsk teater det siste året.

Men det første først: Det Norske Teatret stiller seg sjølvsagt bak alle framsyning som blir vist for publikum. Å antyde at leiinga og ensemblet har vore redde for å seie ifrå og blitt overkøyrt av ein framståande utanlandsk regissør er både urimeleg og nedlatande. Sørbøe har dessutan skuffande lita tru på den kunstnarlege og personlege integriteten til særleg dei kvinnelege skodespelerane i framsyninga. Insinuasjonane om at deler av regien blei til under tvang er i beste fall eit flåsete lågmål, og i verste fall eit varsel om overgrep. Kritikaren tar her på seg store oppgåver. Det fysiske utfordrande spelet og det å vere naken på scenen er val som sjølvsagt er gjort i tett dialog med skodespelarane. Store deler av «Den siste kongsfesten» er improvisert fram av skodespelarane sjølve. Utan pisk.

Insinuasjonane om at deler av regien blei til under tvang er i beste fall eit flåsete lågmål, og i verste fall eit varsel om overgrep.

Norsk teater har gått i seg sjølv etter metoo. Men teaterkunsten kan og må ikkje bli skuggeredd for å fortelje om kjønnsdrift, kjensleliv og kva menneske i desperasjon kan gjere. Med andre ord: The red light district i Amsterdam er ikkje stengt etter metoo-kampanjen, og i Krlezas stykke speler prostitusjon og dei prostituerte ei avgjerande rolle. Sørbøe har i si oppøsing over og ynking av dei kvinnelege skodespelarane ikkje fått med seg at det stort sett er den evig døde Janez, spelt av Oddgeir Thune, som er naken i framsyninga. Heller ikkje at Amell Basic spelar transkjønna prostituert. I Ivica Buljans regi blir dei mannlege skodespelarane utfordra til å skildre menneske i eit grotesk og oppløysingstruga samfunn, på same måte som dei kvinnelege.

Det er som om Sørbøe går ut i frå at vala er fullstendig medvitslause frå ensemblet og instruktøren si side. Den overdrivne bruken av lakk, leopardmønster og «(…)sex-scenene i et glorete rødt lys» må vel òg kunna lesast som ei skildring av eit folk som i desperasjon klynger seg til kvarandre på veg mot stupet. Ein slik overdriven estetikk kan vel òg vere ein kommentar til eit utdatert kvinne- og verdisyn?

Sjølv er vi stolte over å spele ein av dei tidlegaste ekspresjonistiske forfattarane i Europa og vi er glade for å kunne gi publikum innblikk i ein historisk tidsepoke som på skremmande vis kan likne vår eigen. Og ikkje minst er vi glade for å ha ein grill på scenen slik at vi kan servere nydelege kroatiske pølser til alle. Synd meldaren ikkje ville smake.

Charlotte Frogner

Hilde Olausson

Thea Borring Lande

Ellen Birgitte Winther

Amell Basic

Pål Christian Eggen

Geir Kvarme

Joachim Rafaelsen

Oddgeir Thune

Frode Winther

Anders Hasmo

Mer fra Debatt