Debatt

Hernes i jubileums(bak)rus?

Kva nå ein gong årsaka kan vere, er det skriftstykket Gudmund Hernes offentleggjer i Morgenbladet 18. mai om Karl Marx ikkje spesielt edrueleg.

For mange, hevdar han, «kommer lesningen av de gamle tekster i veien for forståelsen av dagens samfunn.» Hans eiga nye oppdaging er at i vår Facebook-tid er informasjon «den nye produktivkraften.» Men her sviktar Hernes sine ABC-kunnskapar. Informasjon kan ikkje vere verken arbeidskraft eller produksjonsmiddel. Opplysingar, personlege data som Facebook er så glade i, kan vere råstoff til ei medieteneste. Men produktivkraft? På ingen måte! Arbeidskraft er det berre personar som har, og like lite som eit stykke bjørk kan ein info vere produksjonsmiddel.

Vidare hevdar Hernes i omtalen av den klassiske industrialismen at «Tenkningen om samfunnet ble formet (av) redskapen som ble utviklet for å skaffe utkomme». Bevare meg vel. Når kunne ein ting, ein reiskap forme tankar? Hernes’ fetisjisme er her meir mystisk enn den Marx skildrar, der varer oppfører seg som levande vesen, har teologiske nykkar etc. Reiskapar som hakke og spade kan vere delar av livet og tankelivet i eit antikk slaveri, ein liveigenskap eller eit norsk odelsbruk.

Hernes' neglisjering av dei foraktelege «gamle tekster» hindrar han i å ta tak i gamaldagse, barbariske økonomiske trekk ved vår samtids økonomi.

Ein kapitalist på tidleg 1800-tal tenkte da han skaffa seg dampmaskin: 16 timars arbeidsdag! Trass i at maskinen som ting er eigna til å forkorte arbeidstida. I 1862 sa Marx, framleis i dampmaskinens tid: 8 timars arbeidsdag! Kanskje det var maskinen som i Hernes' auge skal forklare denne forskjellen i tankar? Det er ikkje ting, godaste hr. Hernes, men forhold mellom menneske, formidla av ting, som er temaet hos Marx, uansett kva produksjonsmåte det er tale om.

Hernes’ neglisjering av dei foraktelege «gamle tekster» hindrar han i å ta tak i gamaldagse, barbariske økonomiske trekk ved vår samtids økonomi i både aust og i vest: sosial dumping, forlenging av arbeidstida, fagforeiningsknusing, working poor og slaveri (eller nestenslaveri), jf. dagens italienske landsbygd. Kvifor denne primitivismen? For ein stor del på grunn av at produksjonen av profitt på grunnlag av den gitte teknologien, auken av den absolutte meirverdien, er blitt viktigare samanlikna med den relative meirverdien, som kviler på stadig fornying og revolusjonering av produksjonsmidla og som pregar oppgangstider. I ein slik epoke er det for borgarleg sosiologi sjølvsagt meir behageleg å drive med uforpliktande skvalder om Marx og marginale saker som Facebook.

Jon Langdal

Mer fra Debatt