Essay

Utgravingar frå 2018

Kva 3000-talet vil finna, når dei vonleg grev fossiltida vår fram, skriv Gudmund Skjeldal.

---

Svovelpreken

I serien Svovelprekener inviterer Kirkelig Kulturverksted foredragsholdere for å snakke om hva som opprører dem, fra prekestolen i Kulturkirken Jakob. Dette essayet er en bearbeidet versjon av Gudmund Skjeldals preken, avholdt 14. mars i år.

Gudmund Skjeldal er forfatter, idéhistoriker, journalist og tidligere langrennsløper. Han har gitt ut en rekke bøker og skriver av og til i Morgenbladet.

---

Om 1000 år, eg vonar dette vil skje, vil vår sivilisasjon bli gravd ut. Dekt under lauv og jord, under støv og mold, under stål og seige lag med asfalt, vil vi bli oppdaga. Under spor på spor, ord oppå ord, papir oppå tjukke bøker, ja mange meter djupt ned med digitale teikn, vil dei finna tida vår. Dei vil ha teknologien til å forstå facebook-sidene våre, og dei vil kunna koda skattesystema. Dei vil kunna leita opp gamle nettsider og talar frå politiske landsmøte. Dei vil kanskje finna beinrestane våre, sjølv om dei ikkje vil leita opp hjernane og tankane våre inni der. Dei vil prøva å forstå oss, likevel. Eg vonar såleis at desse som grev oss ut også vil vera menneske, og ikkje robotar av noko slag, på leiting etter verdfulle metall i undergrunnen.

Dei vil truleg kalla epoken vår den seinfossile sivilisasjonen. Oljepumpene og plattformane og leiteriggane gjorde sine siste krampetrekningar. Gjeve all plasten som renn ut frå kunstgrasbanar og strender og elver, alle plastposane og alle mikrofibrane som blir dumpa i havet og hamnar i bukane på kvalane, vil dei kanskje tala om plastalderen. Får dei tak i overvakingskamera og deira opptak frå bussar og t-banar og venterom og hotell-lobbyar, vil dei kanskje kalla oss mobilalderen. Dei vil oppdaga ein knekk i nakkane på mange skjelett som ikkje fanst der før.

Kanskje, men kanskje berre kanskje, vil dei kalla oss den tidlege fornybaralderen. El-bilalderen. Overgangsalderen.

Kanskje, men kanskje berre kanskje, vil dei kalla oss den tidlege fornybaralderen.

Menneska som grev tida vår ut, vil forstå at vi visste svært mykje om global oppvarming. Tusenvis av dugande vitskapsfolk hadde i åra etter 1990 produsert fem enorme statusrapportar om forskinga omkring klimaendringar – og ville framtida klara å grava fram akkurat 2018, ville dei oppdaga at FNs klimapanel, også kalla IPCC, var i ferd med å laga den sjette rapporten om stoda for klimakunnskapen. Den skulle koma i 2022. Så det mangla ikkje kunnskap og data om den stadig varmare kloden, det stadig

surare havet, og den galopperande raskt smeltande isen i Arktis.

Det mangla heller ikkje kunnskap om koplinga mellom kva menneska dreiv med, og denne stigande temperaturen. Menneskeheita samla sett, fann forskinga omkring 2000talsskiftet ut, hadde auka konsentrasjonen av C0 2 i atmosfæren med 40 prosent. Dette på den svært stutte tida sidan 1850. På 150 år hadde altså toføtingane klart å fortetta laget av CO 2-molekylar i atmosfæren ganske dramatisk. Vitskapen på tidleg 2000-talet hadde med andre ord kome dit at menneska kunne skilja mellom dei karbondioksid-molekyla som stamma frå fossile brensel, frå olje, kol, gass, og kva svevande molekyl av denne vitale gassen som var del av den lengre, naturlege syklusen. Menneska hadde forstått lenge før 1990 at karbondioksid var ein gass som kunna halda på infraraud stråling, enkelt sagt varme, og at C0 2 dermed var ein viktig klimagass. Den viktigaste var vassdamp.

Desse samanhengane av varmestråling frå jorda og refleksjon av han frå atmosfæren, og mellom menneskerelaterte utslepp av nye klimagassmengder og stigande temperatur ved jordoverflata og i hava var godt kjent mellom forskarane overalt på kloden – på alle konferansane der dei møttest og i alle publikasjonane der dei trykte artiklane sine.

Men ikkje berre der. I skulen mange stader lærte elevane om drivhuseffekten, både den naturlege og den menneskeforsterka, og massemedia – som enno kom ut med papiraviser i 2018 attåt nettutgåvene – hadde nesten dagleg stoff om varmepådrivet frå menneska og alle dei mange små og store konsekvensane av dette. Froskeartar døydde ut. Havet steig. Flaumane og stormane vart stadig meir heftige. Klimaflyktningar var eit etablert omgrep. Omkring 2020 byrja stadig fleire å tala om den sjette store utryddinga i den milliard-lange historia om livet på kloden: at menneska kanskje ville vera ansvarleg for den.

Omkring 2020 byrja stadig fleire å tala om den sjette store utryddinga i den milliard-lange historia om livet på kloden: at menneska kanskje ville vera ansvarleg for den.

Politikarane, dei som forsøksvis styrte utviklinga og hadde eit slags ansvar for C0 2-konsentrasjonen, visste om saksforholda såre godt. Sjølv oljeselskapa og dei som eigde dei, kjente til konsekvensane av den fossile energien som dei gav folk til å brenna opp

Og likevel.

Likevel var det slik i 2017 og 2018 at flyselskap kunne reklamera fritt med kva bodskap dei ville. Eit flyselskap som SAS i Skandinavia kunne enkelt kjøpa seg sendetid både på kino og på tv – og forkynna den gledelege bodskapen om at dei som reiste, dei eigde framtida. Dei som reiste med fly, og i særdelesheit med SAS, dei var framtida. Rett og slett framtida. Sette du deg i eit flysete, sikra du framtida, både for deg og for menneskeheita. Dei som reiste med fly, utvida horisonten sin og gjorde verda til ein betre stad å vera. «Travellers are the future.» Ikkje noko mindre.

Ikkje noko meir, heller. Ikkje med eit ord måtte SAS eller andre flyselskap røpa at flya også slepte ut karbondioksid. Ikkje med eit bilete eller eit vink måtte dei leggja til at den vassdampen og dei kondensskyene som flytrafikk ofte skaper, gjer klimaeffekten av fly verre enn berre tilsiget av C02. Ikkje med ein fotnote leggja til at heftig reising rundt om på kloden spreier artar så raskt at økosystema blir truga av det. Dét måtte i så fall heilt andre ta seg av å formidla. Dette ville dei undra seg over om tusen år. I 3018 ville dei klø seg i hovudet: Menneska i 2018 visste nesten alt om klimaendringane og kva mennesket sitt bidrag var, og likevel fekk dinosaurane som opererte på fossile brensel, operera nesten heilt utan styring. Dei fekk trampa rundt med klørne sine ut, halvvegs forkledde som fredselskande duer, halvt tydelege som dei eldsprutande drakane dei også var.

Flybillettane, det ville også framtida undra seg over, var påfallande billege. Ei reise i atmosfæren over Atlanterhavet trengte ikkje å kosta meir enn 2000 kroner. Ei reise over fjella i det landet som heitte Norge då, frå hovudstaden Oslo til det gamle handelssetet Bergen, kosta kanskje ikkje meir enn 700 kroner i påskeveka 2018. For 3000-talet var slike tal litt vanskelege å relatera til valutakursane som då var i bruk. Kroner fanst ikkje lenger, ikkje pund heller. Men dei fann noko å samanlikna med i samtida vår: Ei reise med toget frå Oslo til Bergen kosta 939 fullpris i den same påskeveka 2018. Tok ein nattoget heilt i slutten av mars det året – ville den reisa bli meir enn dobbel så dyr.

Flybillettane, det ville også framtida undra seg over, var påfallande billege.

Samanlikninga ville vera relevant, det ville 3000-talet forstå umiddelbart, sidan det å reisa med toget var så mykje mindre belastande i klimarekneskapen enn det flyreisa var. Menneska i framtida ville dermed undra seg: den meir klimavennlege reisemåten var gjennomgåande dyrare enn den verste måten. Endå toget tok mykje lenger tid enn flyet. Sagt omvendt: Det som forstyrra klimabalansen mest, var billegast. Det enklaste var det verste. Menneska på tidleg 2000-talet hadde altså laga seg ordningar som oppmuntra til å skada kloden. Det som faktisk skåna og sikra framtida mest, det var meir tungvint. Det var som oftast dyrare.

Den som sov seg over fjellet, synda ikkje. Men det såg slik ut av prisane.

Endå folk den gongen i 2018 visste betre.

Ikkje berre det. Framtida ville klara å grava seg ned til andre skatteordningar også. Dei ville oppdaga at det fanst bonusordningar på fly i vår tid, slik at dei som reiste mest på den måten, skaffa seg poeng til å fly endå meir. Folk var kanskje tilsette i staten, eller dei arbeidde i høgt lønna stillingar der det liksom høyrde med å reisa mykje rundt. Desse folka kunne då få gratis ekstrareiser til New York eller til Johannesburg. Jo meir du var med å forstyrra klimaet, jo meir blei du belønna med nye og lange reiser. Desse gratisbillettane sørga ikkje direkte for inntektene til flyselskapa, men dei som fekk desse goda rett i fanget, dei la ikkje akkurat skjul på kva nye byar og land dei besøkte. Effekten av bonusordningane blei dermed nettopp den som flyselskapa vona på.

Og det var meir. Arkeologane på 3000-talet ville klara å leita seg fram til dei store utsala av alkohol og tobakk og parfyme og sjokolade på flyplassane. Dei ville komma på sporet av avgiftsordningane på flyplassane, også. Dei ville finna kvitteringar og kassalappar nok til det. Dei ville forstå at på flyplassane var det billegare å kjøpa nytingsvarer av ulike slag – nytingsmiddel som staten elles meinte var til skade for folk. Øl og sprit og sukker, og røyk ned i lungene. Det var altså slik på tidleg 2000-talet – at reiste du med fly, som var den mest forureinande måten å reisa på, så lokka staten deg med billegare vin og billegare sigarettar enn kva du elles fekk tak i. Men ikkje på jernbanestasjonane. På tog var ei halvflaske vin mykje dyrare enn på Vinmonopolet.

På tog var ei halvflaske vin mykje dyrare enn på Vinmonopolet.

Heile samfunnet i eit land som Norge ville at du skulle velja den verste måten å reisa på. Du blei lokka til det, og du blei belønna på fleire ulike vis.

Dette ville ikkje framtida klara å forstå. Vi visste uendeleg godt kva vi gjorde mot klimaet og kloden og naturen og alt – og vi lokka kvarandre til å gjera endå meir av det galne.

Framtida ville komma over dei enorme serverane som den sosiale verdsveven Facebook nytta seg av. Her ville dei oppdaga eit påfallande fenomen. Folk som skulle til ein eller annan storby i eit anna land, la ut spørsmål om kva restaurantar og pubar dei burde gå på. Og i dei trådande som oppstod ved desse spørsmåla, lange og omseggripande trådar, der delte andre folk, masse folk, om kva plass ein fekk servert spesielt bra malaysisk mat, eller fekk kjøpt det aller beste lokale ølet på den staden langt borte. Atter andre trykka på liker-knappen, og gav den som skulle reisa med flyet tommelen opp eller eit skikkeleg smilefjes. Dette ville verka underleg for framtida. Kva var det folk meinte med å trykka på «liker» ? At dei likte at folk flaug uhemma omkring på kloden? At dei applauderte dette og ville det skulle bli meir av det? På trass av temperaturtilstanden på den same runda vesle kula?

Folk på 2000-talet, ville framtida oppdaga, la ut masse bilete og oppdateringar når dei var på lang reise. Frå fly-vingane, frå vegane, frå hotella. Utsikten: Av strendene. Av gatene. Av butikkane der dei handla. Av maten dei åt. Av soloppgangen og solnedgangen. Vakre ting, i og for seg.

Og andre folk ville jubla over dette. Mange vaksne folk ville atter trykka på «liker», og dei ville kanskje dela bileta og oppdateringane, til og med. Dei ville gjera desse uhemma reisene til Thailand og til Los Angeles og til Marokko kjent for venekretsane sine. Dette vil framtida forstå. At jo fleire som trykte liker, jo oftare dukka bileta opp i den det 2000-talet kalla «feeden». Men samstundes vil dei ikkje forstå det. Var det ikkje sånn at menneska på tidleg 2000-talet var opptekne av den globale oppvarminga, eit stort fleirtal av dei? Var det ikkje sånn til dømes i den smale fjøla Norge at klimaendringane blei kalla vår tids største utfordring?

Gjekk det då an å legga så uhemma ut kvar og kor mykje ein reiste med fly? Forstod ikkje folk på 2000-talet at alle oppdateringane og bileta smitta? Sjølv forskarar og forlagsfolk, dei som oppfatta at dei tok vare på kulturen, dreiv med dette i stor stil. Fatta dei ikkje at dei gjorde det til ei forventing at det var slik ein glatt burde nytta tida og pengane sine? At sjølv ei lita oval helg kunne vekslast inn i ein svipptur til Amsterdam eller New York? At dette blei heilt kvardagsleg og noko alle burde unna seg støtt og stadig?

Gjekk det då an å legga så uhemma ut kvar og kor mykje ein reiste med fly? Forstod ikkje folk på 2000-talet at alle oppdateringane og bileta smitta?

Slik vil 3000-talsmenneska spørja seg. Dei vil spørja seg om det gjekk eit sosial virus som folka den gongen ikkje forstod. At det var ein svartedaud på gang, ein farang og ein epidemi som kunne minna litt om dei sjukdomane som 2000-talsfolka frykta som, ja, som pesten.

Historiegranskarane på tidleg 3000-tal ville kunna boltra seg i tal om dei fann tilgang til dei rette nettsidene. Hjå Avinor kunne dei lesa at Oslo lufthavn blei opna i 1998 og var bygd for å handtera ein trafikk på 17 millionar passasjerer i året. I 2014 reiste snaut 24 millionar menneske til og frå flyplassen.

Framtida vil kanskje klø seg i hovudet. Eller dei vil rista på det. Hjå Avinor vil dei kunne lesa meir: «Den 27. april 2017 var det offisiell opning av nye Oslo lufthavn som no kan håndtera 32 millionar passasjerar.»

Det går kanskje litt tregt opp for oss kva det betyr, men 3000-talsfolka forstår det lynraskt. Avinor legg opp til at flytrafikken skal auka framover. Utbyggingane og investeringane er gjort med tanke på vidare eksplosiv vekst i talet reisande. Èin rullebane har blitt til to rullebanar, og Avinor vil gjerne ha ein tredje. I visse utreiingar legg dei opp til ein vekst i trafikken til 35 millionar reisande i 2035.

Politikarane gjev dei langt på veg rett i desse prognosane – og gjer dermed tendensar om til faktum. Vi druknar oss sjølve i tala om vekst, i stadenfor å strupa og kvela tendensane.

I månaden februar 2018 samla reiste 3, 8 millionar frå alle Avinors flyplassar i Norge. Det var ein auke på nær tre prosent samanlikna med fjoråret. På Gardermoen auke passasjertalet med nesten fire prosent – til nesten 2 millionar reisande. 2 millionar reisande på éin månad.

Vil framtida undra seg? Vil historikarane på 3000-talet ha vanskeleg å forstå oss, slik vi ikkje skjønar middelalderen så lett? Vil dei rista like mykje på hovudet over oss som me over heksebrenninga i faren tid? Vil dei tenka at vi fyrte opp eit bål under heile kloden – og var heilt sorglause samtidig?

Flytrafikk var sjølvsagt ikkje den einaste kjelda til klimagassutslepp i 2018. Ho var ikkje den viktigaste i og for seg. Men ho var sterkt veksande, særleg den internasjonale trafikken, og den var kanskje den aller vanskelegaste å regulera mellom ulike land. Dette ville 3000-talet forstå veldig lett.

Arkeologane og utgravarane der framme i tid ville også hugsa på at Norge var eit langstrekt land, og at ein heil del reising med fly frå dette vesle landet måtte tilskrivast geografien, rett og slett. At landet låg så langt mot nord, gjorde at mange lengta mot sol og varmare strok lenger sør. Også dette var det råd for framtida å forstå.

At nordmenn var spesielt rike, og hadde vore flinke å fordela pengane seg i mellom, måtte også rekna med. Mange pensjonistar gjorde det behageleg for seg sjølve med å ha husvære i Spania og andre Middelhavsland. Dei måtte sjølvsagt passa på husa sine i Norge også, og pendla mellom desse landa. Folk som fylte runde år, tok gjerne med seg halve slekta til Barcelona eller London. Fotball-lag måtte heiast på i dei same storbyane. Også det var lett å fatta for framtida, i og for seg.

At den enkelte ikkje kunne ta oppgåva med heile den globale oppvarminga på seg, det gjekk det an å begripa. At klimaorganisasjonane leita etter andre utsleppssektorar som var lettare å gjera noko med enn flyreisinga, var også råd å forstå. At politikarane ikkje ville vera festbremsar når så mange syntest å villa ha det sorglause livet på flyplassane, det gav jo meining – også i 3018.

Og likevel.

At folk i Norge var så ubekymra. At dei var så kravstore. At dei tok så mange gode og reisegleder for den mest naturlege ting – det var vanskeleg for 3000-talsmenneska å forstå. 2000-talet visste jo kva dei var med å endra av vilkår for alt livet på kloden. Alt det yrande forskjellige som dei sa dei var så glade. Alt det frodige rike av fiskar og dyr og plantar som dei likte å besøka i andre strok av verda.

Nesten verst av alt: nordmennene og nordkvinnene hadde blitt rike på å pumpa opp olje og gass i enorme mengder. Dei hadde skapt seg eit flott velferdssamfunn, men dei hadde forsynt verda med altfor mykje karbondioksid samstundes. Dei var doplangarar og dei var smitteberarar i stor skala.

***

3000-talet. Korleis lever menneska då? Les dei bøker? Lagar dei filmar? Tanken strekk liksom ikkje så langt. Det er vona mi at det finst menneske også då. Vi skuldar framtida å ta vare på kloden betre enn vi gjer no. Tanken på at alle spor skal bli sletta ut etter menneska for tidleg, er ein uuthaldeleg tanke. Ikkje noko skispor igjen, ikkje noko musikk.

Eg vonar difor det finst arkeologar om tusen år også. Eg vonar dei klarer å grava tida vår ut. At vi ikkje har drukna dei.

Eg er stygt redd dei ikkje kjem til å forstå oss. Eg veit ikkje om vi har fortent at dei gjer det. Men eg vonar av heile meg at dei gjer eit forsøk.

Mer fra Essay