Annonse
00:00 - 02. mars 2018

Løyndomen i berget

Kvart år vert helleristningar utsett for hærverk og vandalisme. Det er trist og ubegripeleg at folk medvite vil øydelegge desse historiene og kulturarven vår.

Historier i berg: Etter timar med venting, og som ved rein magi, dukkar bjørnen opp i berget føre deg blant naturlege linjer, strukturskilnader og fargenyansar, skriv vinnar av Forskerforbundets Hjernekraftpris 2017, Jan Magne Gjerde. Foto: Jan Magne Gjerde
Annonse

Hjernekraftprisen 2017

 

Prisen har vore delt ut av Forskerforbundet sidan 2013, består av 100 000 kroner og går til forskarar som gjennom ei kort tekst klarer å formidle betydninga av forskings- og utviklingsarbeid. 

Jan Magne Gjerde deler prisen med Bent Christen Braskerud for bidraget «Varmere, våtere, villere – bedre?», Jørgen Haave for bidraget «Ibsens kjøkken» og Christian A. Klöckner og Laura Sommer med bidraget «Pollution pods».

 

Kulturarv-året 2018 vert markert i heile Europa med slagordet «Where the past meets the future». Føremålet med det europeiske kulturarv-året er å auka kunnskapen om og å bevisstgjera kulturarven si rolle i samfunnet. Kvart år vert det oppdaga nye kulturminne. Mange av desse spora har lege skjult under torva i fleire tusen år. Kvar og ein av desse unike spora i landskapet er nye puslebitar til kunnskap om fortida vår. 

Nokre av dei finaste kulturminna me kjenner, er helleristningane – utvalde motiv funne verdige til å verte lagra i berg «til evig tid». Storviltet er sentralt i avbildingane til jegerane, fiskarane og sankarane i steinalderen, og me finn bjørn, elg, kveite og rein i tillegg til avbildingar av menneske, båtar, jaktutstyr samt linjer og geometriske symbol. Nye digitale metodar innan dokumentasjon gjer òg at me får ein betre dokumentasjon av helleristningane, og somme gongar finn me meir enn det ein tidlegare hadde kjennskap til.

For dei fleste stansar opplevinga av helleristningane ved at ein ser bjørnar, båtar, elgar, menneske eller rein. Men ved å vitje helleristningane med nye augo vil ein få ny kunnskap om dei. Kunnskap skjult i berget i tusenvis av år. 

Sjå på biletet. Ved fyrste augeblink trer elgen fram, med to ulvar eller hundar i jakt bak elgen. Litt lenger inn mot midten av biletet ser ein fleire elgar og reinsdyr. Heilt til venstre ser ein delar av eit reinsdyrgjerde, og litt ovanfor gjerdet er det bjørnejakt. Ein kan fylgje bjørnespor frå to sirklar, tolka som eit bjørnehi. 

Dei om lag 300 helleristningane på dette feltet er eit imponerande åsyn i seg sjølv, men det mest imponerande er korleis figurane er plassert i relasjon til kvarandre og naturelementa i berget. Helleristningane og naturelementa er vove saman til historier i berg, eit landskap i miniatyr med daldrag, elvar og innsjøar. Ved nærare studiar av spora i berget og omgjevnadane vil opplevinga av helleristninga danne ei reise, ei reise i berg og landskap – i steinalderens minnebank.

For geologar kan berg vere naturen sine finaste kunstverk, representert ved lagdeling, naturlege linjer, strukturskilnader, fargenyansar og spor etter skuringsstriper då isen trakk seg tilbake etter siste istid. Lange rette strekar, hakk eller andre merke i berget. Blant dei best bevarte løyndomane i berget finn me spor etter nyare hendingar. Helleristningar. 

Store deler av døgnet er dei fleste helleristningar om lag usynlege. Lyset må koma inn i riktig vinkel langs berget for at figurane skal stå fram som i relieff. Etter timar med venting, og som ved rein magi, dukkar bjørnen opp i berget føre deg blant naturlege linjer, strukturskilnader og fargenyansar. Litt om litt kjem fleire dyr til live i berget – fleire spor etter livet i steinalderen. Alle kan sjå helleristningar, men for å oppleve dei i sitt naturlege element må ein bruke tid ved helleristningane. På lik linje med at ein ikkje kan oppleve Saltstraumen på sitt heftigaste heile døgnet, midnattssola i desember eller nordlyset i juli, kan ein ikkje sjå helleristningane heile døgnet.

I Alta laga folk i steinalderen fantastiske kunstverk – historier hogge med omhug inn i berget. Meir enn 7000 helleristningar vart laga for mellom 7000 og 2000 år sidan. Helleristningane i Alta inneheld nokre av dei mest narrative avbildingar i heile verda, reine teiknefilmar frå steinalderen med skildringar av bjørnejakt, elgjakt, kveitefiske, reinjakt, og selfangst. Eit glimt av «livet i steinalderen». 

Relasjonane mellom helleristningar i samspel med naturelementa i berget opptrer som Google Maps frå steinalderen.

I løpet av dei seinare åra syner ny forsking at naturelement i berget er ein del av historiene i berg. Om ein ser nøye om lag midt i biletet, attmed elgen som er på veg frå vatnet opp daldraget langs elva, kjem ein rund naturleg formasjon til syne, eit søkk i berget. I denne naturlege formasjonen er det hogge bjørnespor som går i retning av den eine bjørnen på berget. Eit «naturleg» bjørnehi.

Truleg låg historia eller delar av historia allereie i berget før helleristningane vart medvite plassert akkurat der dei er i samspel med naturelement og andre figurar. Topografien i berget kjem fram ved at rennande vatn vert elvar, små dammar trer fram som innsjøar og endringar i berget opptrer som dalar og høgdedrag.

Ved å ta i bruk informasjon frå etnografiske kjelder og geografi trer nokre av dei store felta med helleristningar fram som kart over landskapet representert ved geografiske referansar. I steinalderen visste dei kvar bjørnehia var, dei viste kvar reinsdyrgjerda låg i innlandet, kveita var kjende stadar i fjorden og båtane refererer til elvar, fjorden eller havet. Ved å studere den interne plasseringa til helleristningane og jamføre dette med landskapet i regionen opptrer nokre av felta som narrative skildringar av landskapet dei budde i. Relasjonane mellom helleristningar i samspel med naturelementa i berget opptrer som Google Maps frå steinalderen.

Dei seinare åra har me sett øydelegging av kulturarven vår, i heile verda. Kulturskattar vert trua og bevisst øydelagd. 

Det er vanskeleg å setje verdi på einskilde kulturminne, men helleristningane i Alta er unike og har sidan 1985 vore innskrive på Unesco si verdsarvliste. Ein har dei seinare åra sett ein auke i hærverk og vandalisme ved helleristningar i Noreg. Nokre gongar er det fåkunne, som til dømes gode intensjonar om å gjere figurane meir synleg eller å klatre på berget for å sjå figurane betre. Andre gongar er det rein og skjær vandalisme der nokon vitjande har rissa i eller over figurar, eller skrive initialane sine ved helleristningane. Helleristningar som har vore godt bevart i mange tusen år vert årleg øydelagd. 

Ein kjenner seg ofte makteslaus overfor desse øydeleggingane, og kvar gong eg kjem over slike spor skjær det djupt i sjela. Det er difor særs viktig å formidle og spreie kunnskap om kulturarven slik at me kanskje kan hindre, eller i alle høve avgrense denne øydelegginga, så me kan syne fram desse historiene i berg om bjørnar og landskap for framtidige generasjonar.

Jan Magne Gjerde

Forskar, Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi ved UiT – Noregs arktiske universitet.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 50 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

«Hva mener Gunnar Aakvaag med sannhet?»