Annonse
00:00 - 09. februar 2018

To drikkehorn

Annonse

KONGSHORNET Det debatteres nå om det norske kongshornet bør koma heim frå København. Asle Toje i Nobelinstituttet meiner ja, mens Håkon Glørstad i Kulturhistorisk museum meiner nei. For å gjera seg opp ei meining om kven som har best sak – kan det vere nyttig å høyra om hornet si reise frå Noreg, via Island og så til Danmark.

Den 2. juni 1366 er det pynta til bryllaup i Talgje kyrkje. Mykje gjævt folk er samla, for i dag blir Ingemund Utrymsson frå Dale på Rennesøy og Holmfrid Anundsdatter vigde til rette ektefolk. Visst saknar dei mange av sine nærmaste, det er jo kort tid etter den vonde svartedauden, men sommarkvelden er vakker. Alt blomstrar så fantastisk flott, så nå vil alle gleda seg over livet og framtida.

Desse to høyrer til dei rikaste slekter og familiar i Noreg. På den vesle øya Talgje, midt i Ryfylke, ligg det ei lita kvitkalka steinkyrkje frå 1100-talet. Ein gong i tida budde her ei av landets mektigaste slekter. Desse folka, kvinner som menn, hadde ei hand på rattet når det gjaldt styre og stell i Noreg.

Og det er ingen måte på gåver som vankar. Berre morgongåva til Holmfrid aleine svarar til cirka 20 millionar kroner i dagens verdi. Mellom anna to drikkehorn som var laga av Hallgrim gullsmed i Bergen rundt år 1310. Han var inngift i Galtungslekta og dermed også i slekt med Holmfriden som gifta seg i Talgje kyrkje. Drikkehorna er store og praktfulle og har litt forskjellige våpenmerker. Bjarne Erlingsson, som døydde 7. juli i 1313 har sitt våpenmerke, ein av slektningane til Holmfrid. Riksråd Jon Bjarnesson har sitt våpenmerke på begge to horna.

Etter bryllaupet flytta Ingemund og Holmfrid til garden på Dale på Rennesøy. Her fekk dei tre barn, Ragna, Gudrid og Gunnar. Ragna døydde som ung og var barnlaus, mens Gunnar døydde som liten gut. Dermed blei Gudrid ei svært rik ung kvinne da ho gifta seg i 1394 med stormannen Vigfus Ivarson ifrå Island.

Horna blir gitt til Skålholt Domkirke ein gong etter 1426, dette er på ei tid da kyrkja tileignar seg stadig meir av rikdommen i samfunnet – som Guds stedelige representasjon. Skålholt domkyrkje har ein sentral plass i Island si historie. Her låg det første bispesetet som blei grunnlagt på Island i 1056.

Desse drikkehorna var i Islandsk eige heilt fram til 1825. Då forærar doktor og professor i teologi Birger Torlacius dei til Oldnordisk Museum i København. På det eine drikkehornet står namnet Ivar Holmur skreve. Ein reknar som sikkert at far til Birger Torlacius, Skuli Torlacius, førte drikkehorna til Danmark, der dei nå står utstilt på Nasjonalmuseumet i København.

Historia om drikkehorna er gamle og fører oss heilt tilbake til starten av 1300-talet. Så sjølv om historia byggjer på fakta, så må ein av og til sei at deler av den kunne vore sånn.

Det som er sikkert, er at to drikkehorn gjennom arv kjem i Holmfrid Anundsdatter si eige ved bryllaupet i 1366. Vidare går dei i arv til hennar dotter, Gudrid, når ho giftar seg og flyttar til Island. Vi kan anta at ho tar drikkehorna med seg til Island og at dei på eit gitt tidspunkt etter 1426 blir gitt til Skålholt Domkirke. Og til slutt, at dei i 1825 blir ført til Danmark.

Kongshorna er ei spennande «mini-Noregshistorie» – dei er museumsgjenstandar på sitt beste, for gjennom si storslegne utforming vekker dei interesse blant mange – og gjennom si fascinerande reise kan horna bidra til å skape brei interesse for ein epoke i norsk historie, som i dag er for spesielt interesserte.

Kongshorna er ei spennande «mini-Noregshistorie» – dei er museumsgjenstandar på sitt beste.

Jostein Gard

Talgje 

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.