Annonse
09:44 - 21. februar 2018

Misforstått antipopulisme

Annonse

morgenbladet.no 14. februar kjem sosiologen Gunnar C. Aakvaag med kritikk av norsk populisme. Han skyt både til venstre og høgre, men utan å gå særleg inn i landskapet han føregjev å sikte inn.

EU og kommune-samanslåingar er for ein stor del eliten sitt prosjekt.

Aakvaag viser til ei undersøking frå 2000–2001 som hovudkjelde til det vi veit om norske elitar. Det er oppsiktsvekkjande at ein sosiolog brukar data som er nesten 20 år gamle som argumentasjon for ein slik gjennomgang av forholdet mellom høg og låg i det norske samfunnet. Seriøst? I denne perioden har vi hatt stor innvandring, ikkje minst frå Aust-Europa, og polariseringa i innvandringspolitikken har vorte forsterka, ikkje minst etter hausten 2015. Mange bransjar i næringslivet har gått gjennom ei stor omstrukturering, med fusjonar og stordrift som resultat, og offentleg sektor kjem no etter, med ein ny kommune- og fylkesstruktur. Velferdsstaten har vorte langt meir avhengig av oljeinntektene enn ein var i førre hundreåret. Alle desse faktorane påverkar demokratitenkinga og forholdet mellom elite og massar i Noreg.

Aakvaag går historisk til verks i sin analyse, men nemner ikkje med eit ord mostanden mot EU-medlemskap i 1972 og 1994, som i stor grad var drive fram av det nokon (elitane) vil kalle populistar. Kritikken mot nedbygging av norsk demokrati – først og fremst frå venstresida, men i det siste også frå ytre høgre – har i stor grad vore ein kritikk av EU-systemet og Noreg sitt forhold til EU. Eg har til gode å høyre ein populist som vil svekke Stortinget si makt. Tvert om er det i dag det mange vil kalle populistar som står som forsvararar av det tradisjonelle norske demokratiet. EU og kommunesamanslåingar er for ein stor del eliten sitt prosjekt.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse

«Jeg mener at Eggen tar feil når han mer enn antyder at man ikke skal skrive om kannibalisme. Hvis man ikke gjør det, lar man den koloniale historien om «de ville» bli siste ord.»
«Thomas Nordahl utelater langt mer relevante fakta, nemlig statistikken for skriftlige eksamener.»