00:00 - 05. januar 2018

Ei bølgje av krigsfilmar?

Kritikar Maria Fosheim Lund går laus på Harald Zwart si filmatisering av historia om Jan Baalsrud i Morgenbladet 22. desember. Premisset for filmmeldinga er følgjande: Det er nok nå. Nok filmar om krigen. Nok filmar om norske motstandsheltar.

Ifølgje anmeldaren sette Rønning og Sandbergs Max Manus (2008) «voldsomt i gang» ei bølgje av norske okkupasjonsdrama. Sist ut i denne såkalla «bølgja» var Erik Poppes Kongens nei frå 2016. Sidan 2008 er det ifølgje Wikipedia produsert over 200 norske filmar. Av desse vel 200 filmane er fire filmar det vi kan kalle krigsfilmar, eller okkupasjonsdrama. I tillegg til allereie nemnde Max Manus og Kongens nei har vi Petter Næss’ Into the white frå 2011 og relativt ukjente Svik frå 2009. Sidan Fosheim Lund held seg strengt til film-omgrepet, reknar eg med at ho ikkje her teller med NRK-serien Kampen om tungtvannet.

Skal vi følgje Morgenbladets kritikar sitt resonnement, er Den 12. mann den siste toppen på denne «voldsame» bølgja som har skylt inn over norske kinoar dei siste ti åra. At marknadsføringa av særleg Max Manus, Kongens nei og Den 12. mann tidvis har vakse til tsunami-dimensjonar, er ein annan diskusjon, som ikkje bør skugge for filmane sine faktiske kvalitetar. Fem filmar av godt og vel 200 er inga bølgje. Det kan knapt kallast ei krusing mellom fjæresteinane.

Fem filmar av godt og vel 200 er inga bølgje. Det kan knapt kallast ei krusing mellom fjæresteinane.

Det andre premisset som gjennomsyrer Lund si melding, er at mannsperspektivet er dominerande. Vi burde klart oss med Arne Skouens glitrande 1957-versjon av historia om Baalsrud og heller fortalt andre krigshistorier nå. Gjerne med kvinnelege heltar. Det er vanskeleg å vera ueinig i det. Og det var mange kvinnelege heltar under krigen – både i motstandsrørsla og i dagleglivet. Ei historie det kunne vore spennande å sjå på det store lerretet, er til dømes historia om Ingeborg Refling Hagen.

Avslutningsvis dreg Maria Fosheim Lund opp ein dirrande peikefinger og minner om at det i år er 75 år sidan dei norske jødane vart deportert med DS Donau, og at ein heller burde gitt oss den filmen. Vel, den er heldigvis undervegs. Marius Holst og Harald Rosenløw Eeg gjer for tida film av Marte Michelets glimrande bok Den største forbrytelsen. Dette unnlét Fosheim Lund beleileg å nemne. Som ho sjølv skriv i si melding: «Virkeligheten overgår som kjent fantasien», noko filmmeldinga «Den norske mann» i utprega grad lir under.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 20 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse

Kjetil Jakobsens artikkel om Norges vei til velstand og sosial likhet trenger noen utfyllende kommentarer.