Annonse
13:18 - 16. november 2017

«Tilfeldige ofre», Forfang?

Vi burde ikkje finne oss i å bli brukt som skuleeksempel internasjonalt for inhuman asylpolitikk, og iallfall ikkje vere stolte av det.

Farlig: En afghaner skuer ut på åstedet der en bilbombe har gått av i sentrum av Kabul. I Afghanistan i år har det vært det høyeste antallet drepte og skadde sivile siden 2002, ifølge en FN-rapport for første halvår i 2017. De fleste har mistet livet i Kabul på grunn av selvmordsangrep. Foto: Wakil Kohsar/ AFP / NTB Scanpix
Annonse

I ein fersk rapport frå Amnesty International blir Noreg trekt fram i eit negativt lys mange fleire gongar enn vi burde vere komfortable med. I rapporten kjem det blant anna fram at fleire asylsøkjarar som har vorte returnerte frå Noreg til Afghanistan, har bøta med livet.

Det å fornekte korrelasjonen mellom den rolla Noreg spelar og tapet av menneskeliv er berre rein fåvit frå UDI, ein ignoranse som blir halde ved lag ved hjelp av den norske høgresida. UDI-direktør Frode Forfang fortel i eit intervju i Morgenbladet førre fredag at ein tidlegare ikkje kunne sende nokon tilbake til internflukt dersom det var urimeleg. Rimelegheitsvilkåret falt bort som ein konsekvens av innstrammingar Stortinget vedtok i fjor.

Noreg sender ungdommar som så vidt har blitt vaksne på papiret, tilbake til flukt i Afghanistan. Sjølvsagt måtte rimelegheitsvilkåret fjernast for å få det til: Å bli sendt på internflukt i eit særs utrygt land, samstundes som vi sender norske ungdommar på universitetet eller i fast jobb, er ikkje berre urimeleg, det er også inhumant.

Onsdagens stortingsvedtak var ein siger, og dersom UDI trår varsamt kan Noreg bli ein frontfigur for human asylpolitikk. 

På onsdag valte Stortinget å ta avstand frå denne inhumane linja som har blitt ført i norsk asylpolitikk den siste tida. Dette er eit lite steg i riktig retning. Men det er framleis eit problem at UDI vurderer Afghanistan som «trygt nok». Ifølgje Amnesty sin rapport var 2016 det dødelegaste året i nyare tid med 11 000 tapte sivile liv. UDI-direktøren seier derimot at det som gjer landet «trygt nok», er at «risikoen for de sivile knytter seg til å være tilfeldig ofre». Talet 11 000 menneskeliv blir ikkje mindre massivt i ettertid fordi ein kan konstatere at dei var tilfeldige offer, og det er ikkje noko som gjer landet «trygt nok», heller det motsette.

Det handlar ikkje berre om tapte menneskeliv, det handlar også om dei tapte framtidene.

Å fullføre vidaregåande er for dei fleste i Noreg ein stor milestein, men kva betyr studiekompetansen eller fagbrevet dersom ein når som helst kan få politiet på dør, og bli kasta ut frå landet? Moglegheitene for ei sikker framtid i Afghanistan er små, særleg for jenter. Norske myndigheiter sender jenter og gutar til ei framtid vi aldri hadde utsett våre egne barn for, ikkje fordi vi ikkje har ressursane, men fordi vi har valt å føre ein inhuman signalpolitikk. 

Det er ikkje berre ungdommen vi sender tilbake til internflukt i Afghanistan, men òg all den verdfulle kompetansen og kunnskapen dei har opparbeida seg. Det er skattebetalarane som har stått for finansieringa av utdanninga til mindreårige asylsøkjarar, og ein kunne fått dette tilbake i kron og mynt dersom desse ungdommane fekk bli og yte i det norske samfunnet. I staden skal det heile bli kasta bort i Afghanistan kvar dei fleste returnerte har minimal moglegheit for høgare utdanning og trygt arbeid.

Denne praksisen er nærmast som å drage ein blome ut med røtene, det tar ikkje lang tid før den visnar. Ein tar ungdommar som kunne blitt Noreg si framtid i form av elektrikarar, legar og leiarar, og sender dei tilbake til flukt og utryggleik i eit land som ikkje lenger er heim, og for nokon aldri har vore det. Det blir ikkje tatt noko omsyn til at røtene deira har fått grobotn i Noreg. Dette er dei same røtene som blir reve ut på urimeleg vis av eit direktorat som er propellert av høgrepopulistisk politikk. Onsdagens stortingsvedtak var ein siger, og dersom UDI trår varsamt kan Noreg i staden bli ein frontfigur for human asylpolitikk. 

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Akkurat nå er det opptil 50 prosent rabatt. Bli abonnent
Annonse

Samtidig ser vi grunn til å besvare en sentral påstand som ligger til grunn for at han konkluderer med at dette er «en umulig bok».
Helseministeren har selv sviktet sin informasjonsplikt overfor regjering, storting og befolkningen og han har heller ikke fulgt loven.
Enige er vi også om at skal du bli god til å skrive, må du ikke bare skrive selv, men du må også lese mye.
Til Espen Ottosen: Medisinen har  vært en viktig premissleverandør for vår forståelse av kjønn.
«Problemet er tanken om at god skriving er en slags «kode» man kan lære seg ved hjelp av noen «nøkler».»