Annonse

Annonse

14:22 - 15. november 2017

Den nye antihumanismen

Det er gode grunnar til å frykte det biologiske menneskesynet. 

Sjimpanser er ikkje i stand til å planlegge like godt som mennesket, skriver artikkelforfatteren. Foto: H. Allen / Topical Press Agency / Getty Images

Jan Grue er i Morgenbladet både fascinert av og skeptisk til det siste tilskotet til vårt postvesen: posthumanismen. Han lèt likevel til å vere sikker på at denne retninga med støtte i naturvitskapleg gransking har vist at det blir stadig mindre haldbart å hevde at «mennesket har egenskaper som ingen andre dyr kommer i nærheten av.»

Grues utgangspunkt er etter alt å døme biologien, og det er sikkert rett at dei mest intelligente dyr i større grad kan uttrykke kjensler enn det som har vore vanleg å tru. Men Grue overser dei eigenskapane som andre pattedyr ikkje er i nærleiken av. Det menneskelege arbeidet skil seg kvalitativt frå arbeidet til andre dyr på to måtar: For det første kan eit menneske bygge til dømes ei hytte i hovudet før det reelt blir bygd eit år seinare. Ei slik medviten planlegging er sjølv ikkje den mest geniale sjimpanse i stand til. For det andre er det menneskelege arbeidet basert på bruk av meir eller mindre  avanserte reiskapar, verktøy og maskinar.

Posthumanistane ser også ut til å oversjå at mennesket er åleine om å ha organisert arbeidet i historisk ulike produksjonsmåtar og skapt ulike samfunnsformer som slaveri, føydalisme og kapitalisme, og at mennesket opp gjennom si historie har prøvd å gi orden på og meining til tilværet ved å skape mytologiar og religionar. 

I dag, som i 20- og 30-åra, framelskar den moderne høgreradikalismen eit menneskebilete der den kritisk-rasjonelle evna er så godt som eliminert, slik som i vitalismen. Det er derfor god grunn til å vere på vakt.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. For mer godt lesestoff: Bli abonnent

Annonse