Annonse
11:48 - 25. september 2017

Svar til Bernhard Ellefsen: Til forsvar eller angrep med sex

For meg representerer ikkje Dina «urkvinna», men ein overlevingsstrategi i ein fanga situasjon, skriver Mette Karlsvik.

Herbjørg Wassmo er aktuell med «Den som ser», fjerde bind i sagaen om Grønelv-folket. Foto: Brian Cliff Olguin / VG / NTB Scanpix
Annonse

«Kan 1.4 millioner lesere ta feil?» spør Morgenbladets hovudmeldar Bernhard Ellefsen i Morgenbladet 22. september. Han ser med eigne auger på Wassmo-skrivemåten. Ellefsen undersøker kva som står på spel i denne forfattarskapen, kritiserer Wassmo for å skildre kvinneleg seksualitet innanfor eit patriarkalsk kvinnebilde (Gilbert og Gubar), og meiner at dette gjer Wassmos prosjekt mindre feministisk enn det som den allmenne oppfatninga skal ha det til. Eg synest Ellefsen legg for mykje vekt på to bøker, som er den første og siste Dina-boka, når han fell dom over Wassmos feministiske prosjekt. For å sjå kva som står på spel i ein forfattarskap, så må ein sjå bøker i samanheng med kvarandre.

Ifølgje Gilberg og Gubar skal sambandet mellom kvinneleg seksualitet og død vere av dei fremste kjenneteikna på dette patriarkalske kvinnebildet i litteraturhistoria. Ellefsen hevdar at Wassmo sett likskapsteikn mellom sex, blod, mørkre, språkløyse og styrke, og at denne samanblandinga skapar eit bilde av kvinna som «eit fundamentalt anna vesen enn mannen». Jau, Dina kan vere rar. Men eg kjenner ingen forventning om å skulle identifisere meg med henne verken som kvinne eller menneske. For meg representerer ikkje Dina «urkvinna», men ein overlevingsstrategi i ein fanga situasjon.

Ellefsen argumenterer stort sett med sitat frå Wassmos første bok om Dina. Den boka skildrar Dinas barndom aleine med ein valdeleg far. Ein dag seier ein enkemann til Dinas far om barnet: – Jeg må ha henne! Jeg - jeg må ha Dina - til kone. Så snart Dina er fylt 16 tvangsgiftar Dinas far henne til gubben, til ein stad og ein situasjon som det ikkje berre er å vandre ut frå. Korleis taklar 16-åringen «fengselet»? Ho tar over fiendens «sverd», for å seie det med Wassmo. Overlevingstaktikken er å gjere ekteskapet til leik, og sex til noko Dina har taket på. Dina overtar det som hadde vore mannens domene: kåtskap. Ho bryt karane rundt seg ned med sex.

Eg kjenner ingen forventning om å skulle identifisere meg med Dina verken som kvinne eller menneske.

I samtaleboka Vigdis, del for del, kommenterer Vigdis Hjorth på dei mange valdtektene i romanane sine. Hjorth forklarar at ho har vore nysgjerrig på det mannlege begjæret. Om ho skal leve med ein mann så må ho prøve å skjønne han. «Det (er) kanskje vanskelig å være født med en seksualitet som kan brukes som våpen i krig. (…)», seier Hjorth. Kanskje driv Dina det same forskingsarbeidet når ho mimar mannen, latar som å vere den «med våpenet». Difor opplever eg ikkje den wassmoske koplinga til sex og død, fare, krig og kamp som reaksjonært, men som utforskande.

 

Les Morgenbladet-anmeldelse av Vigdis, del for del. 

 

Og for å skjønne Dina-universet, som Ellefsen legg mykje vekt på i kritikken, må ein òg skjønne Tora-universet. For Wassmos forfattarskap gjer ein interessant utvekling frå den siste Tora-boka til Wassmos neste bok, den første Dina-boka. Dina-bøkene er ein konsekvens av Tora-bøkene. Viss bøkene om Tora og Dina, som Ellefsen hevdar, bind Wassmo til skildringar av «den eigenrådige kvinna», så må ein begynne der. Stemmer påstanden om at Tora og Dina er eigenrådige?

Tora og Dina var misbrukte eller forsømte barn, og som dei fleste barn er dei underlagt familien dei er fødde inn i eller institusjonen dei er satt til. Tora blir valdteken av stefaren frå ho er lita. Ho taklar det med tankearbeid, dagbokskriving, og å holde ut, i stille og forsøksvis ro. Men er det inneslutta ein god strategi? Dina tar eigendom over den krafta som braut Tora ned, altså seksualiteten. Tora nærmar seg problem på same måte som «Benjamin» og «Peder» frå siste Dina-boka, som Ellefsen skildrar at reagerer med ro. Ein kan sjå det rolege som ei styrke. Men Toras ro stoppar ikkje stefaren frå å valdta henne.

I samtaleboka seier Hjorth at den kvinnelege seksualiteten, i motsetnad til den mannlege, ikkje kan bli brukt som våpen i krig. Det er nokre openbare, kroppslege grunnar til det. Men det skulle vere lov til å prøve å kjempe imot med same makt. Eg fryktar at kritikkar som Ellefsen sin stadfestar kva som skal få lov til å vere «eit patriarkalsk kvinnesyn», legg endå fleire føringar for kva kvinneleg seksualitet får lov til å vere og ikkje, og legg band på kvinner som ville brukt seksualitet til å kjempe imot.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

«Forfatterforeningen har beklaget den formen æresrettens arbeid tok.»
«En æresdom kan, i motsetning til en landssvikdom, ikke sones.»
«Det er ikke treffende å karakterisere forslaget som masseovervåkning av egne innbyggere.»
«Det er både trist og provoserende at Kyrre Wathne tillater seg å si noe så historieløst og reduserende.»