Debatt

Normalisering?

I sin kronikk 5. mai freistar Morten Horn å overtyda oss om at aktiv dødshjelp ikkje kjem til Noreg. Uansett utfall syner det ei vilje til å stogga ei samfunnsutvikling som han mislikar, og parallellane til eggdonasjon og surrogati i andre enden av livet er openberre. Det er eit høgt akta utgangspunkt, og særs viktig for det offentlege ordskiftet. Jamvel er det vanskeleg å isolera seg frå omverda så lenge eggdonasjon er tillate i Danmark, surrogati i USA og aktiv dødshjelp i Sveits. Med andre ord er vedtak frå Bioteknologinemnda og Stortinget ikkje absolutte for den einskilde av oss. Generelt fører dette til press om normalisering.

Horn brukar mykje av kronikken sin til å presentera døme kor innføring av aktiv dødshjelp mislukkast. I tillegg påstår han at det ikkje i hovudsak er religiøse eller kjenslemessige årsakar til motstanden, men derimot juridiske og praktiske årsakar. Litt rart at han ikkje nemnar Belgia og Nederland i denne samanheng, eller er det fordi dei har lukkast betre? Sjølv om aktiv dødshjelp er ei utfordring, har sikkert nokon modellar fungert betre enn andre? Korleis burde ein eventuell norsk modell ha vore?

Med eller utan aktiv dødshjelp står me ovanfor mange etisk vanskelege problemstillingar.

For meg verkar framstillinga ubalansert, lite opplysande og svakt argumentert. Horn erkjenner at det finst lækjarar som er positive til aktive dødshjelp, men at han har høyrd lite frå dei. Kan årsaka kanskje vere at han til no ikkje har invitert til ordskiftet? Harde utfall mot sine meiningsmotstandarar er heller det motsette. Forskaren som ynskjer å vera premissleverandør i debatten, burde i det minste syne ei meir kritisk halding til eigne metodar.

Normene endrar seg gradvis i samfunnet, og vil tilpasse seg nye tankesett. Lenge var det kyrkja som hadde definisjonsmakta og oppfatta menneskelivet som ei heilag gudegåve. Sjølvmord var difor ei ugudeleg handling som vart straffa med gravlegging i uvigsla jord. Mykje tyder på at desse haldningane lever vidare i den gudlause humanismen. Med eller utan aktiv dødshjelp står me ovanfor mange etisk vanskelege problemstillingar. Men ein må aldri gløyma at helsevesenet er til for pasientane, ikkje dei tilsette. Det er flott at Horn ivrar for ein betre dødsomsorg, men etter mitt syn bør aktiv dødshjelp vere ein naturleg del av denne omsorga. Så får tida syne kven av oss som får rett.

Ronny Rognhaugen er skribent.

Mer fra Debatt