Annonse

Annonse

09:34 - 11. april 2017

Engelsk er best for forskarar flest

Å råde ein ung forskar til å publisere på norsk, er ikkje eit særleg godt råd. Den som skriv doktoravhandlinga si på norsk, startar karrieren med eit handicap.
Det har storma rundt HiOA-rektor Curt Rice etter at han spissformulerte i Morgenbladet at publisering på norsk burde bannlysast. Dagbladet skuldar han for akademisk tunnelsyn. Khrono.no skriv at det er vanskeleg å finne nokon som er samde med han. Det undrar meg.

Dei som uttalar seg er ein heilt annan stad i karriera enn dei unge som skal etablere seg som forskarar. Skulle ein doktorstipendiat eller postdoktor ved Institutt for medier og kommunikasjon spørre meg til råds, er eg ikkje i tvil om at rådet blir å publisere mest mogleg på engelsk.

Det er fordi eg legg til grunn av dei stiller seg Spice Girls-spørsmålet: Kva er det dei verkeleg vil? Svaret til ein ung og ambisiøs forskar bør vere å delta i den internasjonale forskingsfronten. Først og fremst fordi det er dette som gir arbeidet meining. Å utvikle faget. Deretter for å få godkjent doktoravhandlinga si, for å kunne konkurrere om ekstern finansiering, og for å bli professor. Publisering på norsk ville vere ein distraksjon for karriereforskaren.

Svaret til ein ung og ambisiøs forskar bør vere å delta i den internasjonale forskingsfronten.

Rett nok er det ikkje meir enn ni år sidan professor Espen Ytreberg såg seg nødd til å forsvare internasjonal artikkelpublisering i Norsk Medietidsskrift. Men det siste tiåret har forskinga blitt meir internasjonal, og det er ingen teikn i tida som skulle tilseie at den utviklinga vil snu.

Dei som reagerar sterkast på Rice si spissformulering har særleg omsorg for det norske fagspråket, og det omsynet bør ikkje avvisast totalt. Men det urimeleg å leggje dette på skuldrande til dei som vil opp og fram som forskarar.

Arne H. Krumsvik er professor og ekspert på kommunikasjon og ledelse.
Teksten er opprinnelig publisert på Krumsviks blogg Bestem deg.

Annonse