Annonse
00:00 - 23. desember 2016

Barnet som lykkeobjekt

Annonse

Dødsdialogen mellom Jan Grue og Ole Martin Moen i Morgenbladet har eg lese med aukande uro. Både fordi eg er skremt av Moen sine synspunkt og argument, men mest av alt fordi Moen gjennom sitt forskingsprosjekt «What should not be bought and sold?» vil bli ein premissleverandør for dei komande debattane om slutten og starten av livet.

Debattredaktør Marit Slotnæs spør i ein kommentar om kvifor det ikkje er fleire som reagerar på Moen sine argument – om dei er for ekstreme eller om dei tvertimot er blitt mainstream. Eg trur og håper at det siste ikkje stemmer, men frykter at Moen har rett når han hevdar at vi sakte, men sikkert ser at «det vokser frem en mer liberal etikk enn før, en større grad av markedsvennlighet, en større vekt på individuelle valg». Eg er redd for at hans menneskesyn skal få gjennomslag – også utanom den nye framveksande superliberale generasjon av intellektuelle nemt av Slotnæs, og at deira argumentasjon i tida framover skal få gjennomslag i debatten om både utgangen og starten av livet.

Vi reduserer barnet til eit middel for at vaksne kan realisere seg sjølv.

Starten av livet – og utviklinga innan reproduksjonsteknologien – er eit tema som eg over fleire tiår har har vore engasjert i. Dette både utfrå min bakgrunn som tidlegare ufrivillig barnlaus og mi profesjonelle rolle som psykologspesialist med lang erfaring innan både barne- og vaksenfeltet, og utfrå mi rolle som barnefaglig sakkyndig.

Eivor Andersen Oftestad har gjennom si tankevekkande bok om reproduksjonen gjennom 500 år synleggjort samanhengen mellom starten og slutten på livet. Korleis vi tenker om det eine spørsmålet har konsekvensar for det andre, og i bio-etiske spørsmål er skråplan-effekten godt synleg (jf. abortspørsmålet) og må takast på største alvor.

Moen, som kallar seg ein etisk hedonist, held glede og lykke som sentrale verdiar. Livet handlar om å minimere smerte og å maksimere nytelse. Han har markert seg ved å hevde at ting som i dag ikkje kan selgast (sex, arvemateriale, graviditetar og menneskelige organ) bør selgast i framtida, av etiske grunnar.

Sjøl om Moen sine synspunkt i dag framstår som ekstreme for mange av oss, så er disse i samsvar med premissar som er i ferd med å slå rot i samfunnet vårt. Denne utviklinga er synleg gjennom debatten om reproduksjonsteknologien som har utvikla seg i retning av eit stadig sterkare vaksenfokus, med ein argumentasjon utfrå rett, diskriminering, likestilling og likebehandling. Det vil seie at det underliggande premisset for utviklinga er at barnet vert gjort til ein rett.

I den postindustrielle velferdsstaten synast i dag det ideelle barnet som det planlagde «ønskebarnet». Vi står no i fare for å oppfylle ein av Moen sine framtidsvisjonar: å gjere barnet til eit lykkeobjekt for dei vaksne. Det betyr at vi reduserer barnet til eit middel for at vaksne kan realisere seg sjølv.

I diskusjonen om biologi versus omsorg vert uttrykket «ønskebarnidentitet» stadig oftare brukt som eit argument for å opne for eggdonasjon og surrogati. Umiddelbart så kan dette uttrykket oppfattast positivt, men det skjuler likevel ikkje at også dette argumentet tar utgangspunkt i dei vaksne sine ønsker og behov.

I relasjonen mellom barnet og foreldra så er min erfaring at uansett kor sterkt ønska barnet er, så er det ikkje nødvendigvis dette som formar barnet sin identitet. Og for nokre barn kan utgangspunktet som «ønskebarn», i tenåra tvert imot resultere i at barnet kjenner eit større ansvar og ein tyngre plikt til å ivareta dei vaksne sine ønsker og behov – ofte på tvers av eigne behov og interesser. «Ønskebarnidentiteten» kan på denne måten bidra til å forsterke lojalitetsproblematikken som er der i alle foreldre-barn relasjonar, i sterkare eller mildare grad.

Lojalitetsproblematikken mellom vaksne og barn gjer det elles vanskeleg å tolke dei sparsame forskingsresultata som i dag føreligg når det gjeld donorbarna. Alderen på barna som framleis er i puberteten, kompliserar også bildet. Først i vaksen alder når spørsmålet om å få barn eigne barn vert aktualisert, blir det for mange ei auka interesse for genetiske spørsmål og slektsforhold.

Per i dag har vi ikkje tilstrekkeleg forskingsdata til å fastslå korleis det går med donorbarna, sjølv om enkelte hevdar å vite dette. Den internasjonale forskinga har fleire metodemessige svakheiter: små utval, få langtidsstudiar og utfordringar med spørsmålet om korleis ein kan måle psykososiale vanskar.

Nokre av dei spørsmåla som vi står overfor i reprodusjonsdebatten, handlar ikkje berre om betydinga av dei genetiske banda mellom barnet og foreldra. Det gjeld også spørsmålet om kva som utgjer kontinuiteten mellom generasjonar i ein kultur. Eivor Andersen Oftestad stiller spørsmålet: «Er slekten en viktig kontinuitet i historien om et menneskeliv, eller er den underordnet?» Ho peikar og på at sjølv om det for fleirtalet fortsatt vil vere biologi, så vil samfunnet samtidig signalisere at biologien ikkje er viktig, dersom vi tillet eggdonasjon og/eller surrogati.

Gjennom mitt mangeårige virke i behandlingsarbeidet med barn, ungdom og vaksne – og som barnefagleg sakkunnig – har eg erfart at spørsmålet om genetisk opphav er eit sentralt tema for mange, særleg hos ungdom og unge vaksne. I behandlingskontakten med mange vaksne har eg kome tett på deira store og livslange smerte og sorg over ikkje å kjenne sitt genetiske opphav.

Sjølv om sikkert mange donorbarn får ein lykkeleg oppvekst, er det i debatten om eggdonasjon og surrogati for meg eit avgjerande spørsmål. Har vi som samfunn rett til, gjennom vårt lovverk, å bidra til at andre menneske vert påført eit slikt sakn og ein slik stor sorg?

Moen sitt argument er at lykke og glede er den sentrale verdien, mens mitt tar utgangspunkt i at glede og lykke må vurderast ut frå ein kontekst. Og i spørsmålet om eggdonasjon og surrogati må det vurderast ut frå barnet.

Å sikre barn grunnleggande rettskrav er ei hovudoppgåve i eitkvart samfunn. Dei sentrale spørsmåla vert i denne situasjonen: Kven sin glede og lykke bør vi som samfunn ha som hovudoppgåve å fremme? Og kva med situasjonar der det å oppfylle dei vaksne sine ønske og behov, kan bidra til å påføre andre sakn og sorg seinare i livet?

Eg veit frå mi eiga erfaring kor tungt og belastande det er å vere i dei barnlause sin posisjon, og eg kjenner stor sympati med dei. Men lojaliteten min til barnet veg tyngre i denne situasjonen der utviklinga har vore at stadig færre talar barna si sak i den offentlige debatten.

Debatten gjeld også store spørsmål om bioteknologi som kan farge liv og samfunn, for å bruke Torbjørn Røe Isaksen sitt uttrykk. Den er altfor viktig til å la reproduksjonslegane og andre som har sine eigne interesser å ivareta og/eller eigne val å forsvare, få dominere og styre denne diskusjonen.

Marit Johanne Bruset er psykologspesialist, barnefagleg sakkunnig og tidligare ufrivillig barnlaus.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.