Annonse
00:00 - 11. november 2016

Ikkje vesentleg annleis enn andre helsetilbod

Annonse

Morten Horn og Morten Magelssen kjem i Morgenbladet 4. november med kraftige utfall mot mitt innlegg «Etikk og dødshjelp» 28. oktober. I staden for å bidra til meir informasjon om eit aktuelt tema, freistar dei å avspora ordskiftet med «giftig» retorikk. Fyrst tolkar dei delar av min tekst kreativt, før dei tek sterk avstand frå haldningar dei sjølv har tildelt meg. Jamvel innrømmer dei sin frykt for ein politisk debatt som ikkje går på deira premiss. Om min påståtte kynisme er reell eller berre eit uttrykk for realisme, får lesarane vurdere.

Det vil sikkert kome ein reservasjonsrett som for abort og rituell omskjering.

Mitt hovudpoeng var at etiske problemstillingar med aktiv dødshjelp ikkje er vesentleg annleis enn andre helsetilbod. Kvar dag tek pasientar, pårørande og helsepersonell val som får avgjerande verknad for menneskeliv. I den samanheng nemnde eg bruk av pustemaskin, morfin og abort. I Noreg vart det i 2015 gjennomført 14 001 abortar, stort sett av friske foster. Fosterreduksjon ved fleirlinggraviditetar er no jamstilt med andre abortar. Nye kreftmedisinar, som i beste fall kan gje nokre ekstra månader levetid er godkjend for bruk. Kven skal få dette tilbodet, og dermed kven får ikkje denne sjansen? Organtransplantasjon har same problemstilling, og det same gjeld for framtidige tilbod som til dømes overføring av stamceller.

Eg vonar eg har påvisst rikeleg med etiske utfordringar i noverande regelverk og praksis. Min påstand er at om me held oss til dei tre vilkåra som Ole Martin Moen formulerte, er aktiv dødshjelp mindre etisk problematisk enn dei ovanfor: aktiv dødshjelp bør tillatast etter ei fagkyndig vurdering når pasienten lir uuthaldeleg, ikkje har realistiske utsikter til betring og har tatt eit sjølvstendig val om å døy.

Med andre ord er det pasientar med full samtykkekompetanse som vil avslutte sitt liv. Når Stortinget vedtek ein lov som tillèt aktiv dødshjelp, vil det sikkert kome ein reservasjonsrett som for abort og rituell omskjering.

Det filosofiske spørsmål om institusjonell kjærleik finst er ein annan debatt, men eg er redd slik omsorg er overvurdert. Uansett bør det vere opp til kvar og ein av oss kva som er ein verdig død, og ikkje minst må ordskiftet om aktiv dødshjelp vere ope for alle.

Ronny Rognhaugen er skribent.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer