Annonse
00:00 - 28. oktober 2016

Etikk og dødshjelp

Annonse

Morgenbladet har presentert ei brevutveksling mellom Jan Grue og Ole Martin Moen om dødshjelp, som vart avslutta med eit andsynes møte. Grue er prinsipiell motstandar av aktiv dødshjelp på grunn av dei etiske problemstillingane for den einskilde og støtteapparatet. Moen meiner at aktiv dødshjelp bør tillatast etter ei fagkyndig vurdering når pasienten lir uuthaldeleg, ikkje har realistiske utsikter til betring og har tatt eit sjølvstendig val om å døy. Dei var samde om at det finst situasjonar kor livet subjektivt ikkje er verd å leva, og at døden er absolutt. Eg tolkar dei slik at det er tilliten til den praktiske gjennomføringa som avgjer deira posisjonar.

I slutten av møteintervjuet kom dei inn på det presset ein dødssjuk pasient møter i eit samfunn som tillèt aktiv dødshjelp. Helseøkonomane var peika på som potensielle syndebukkar. Utfordringa i dag er at livsforlengjande hjelp tek ein stendig større del av helsebudsjettet. I haust vart det vedteke at dyre kreftmedisinar kunne nyttast i særskilde tilfelle trass i at effekten er uviss og i beste fall kan gje nokre ekstra månader levetid.

Moderne lækjarar burde lære meir av veterinærar, som er meir van med å innsjå når nok er nok, og døden er det beste alternativet.

Kostnadene overstig rettesnora på 500–600 000 for eit leveår. Aftenposten fortalde historia om ein pasient som i fleire år var heilt avhengig av pustemaskin og som til slutt vart fråkopla etter eige ynskje på grunn av stendig dårlegare livskvalitet. Han budde heime og måtte på det tidspunkt ha hjelp av over 20 personar i ein 24/7 turnus. Bruk av morfin til døyande pasientar ikkje berre lindrar smerte, men svekkjer òg pusteevna slik at han døyr tidlegare enn elles. Fosterdiagnose har vore tilgjengeleg ei tid for risikogrupper og dei fleste tilfella kor det vert påvist Downs syndrom endar med abort. Eg godtek difor ikkje argumentet til Grue om at etiske problemstillingar med dødshjelp er vesentleg annleis enn andre helsetilbod.

Det vert for enkelt med eit eindimensjonalt helsevesen som skal berge liv uansett kostnad. Moderne lækjarar burde lære meir av veterinærar, som er meir van med å innsjå når nok er nok, og døden er det beste alternativet. Ein gjennomsnittleg bebuar på ein norsk sjukeheim nyttar ti ulike medisinar, truleg for nesten like mange diagnosar, depresjon inkludert. Eit samfunn utan utømmelege økonomiske ressursar må våge å setja ei grense for kor mykje støtte den einskilde kan få.

Tenk deg to pasientar med same diagnose og framtidsutsikter. Den eine gjer som dei fleste og satsar på vona i hangande snøre og freistar ein dyr kur, trass i risiko for dårlegare livskvalitet. Den andre vel aktiv dødshjelp om det er tilgjengeleg, eventuelt berre lindrande hjelp. Om årsaka til valet i det siste tilfellet er dårleg sosialt nettverk er det sjølvsagt leit, men jamvel ein realitet. Illusjonen om eit perfekt samfunn er like lite realistisk som eit evig liv. Samfunnsøkonomisk er det derimot ein stor skilnad på dei to vala, særskild når me har eit offentleg finansiert helsevesen som i Noreg. Eit praktisk problem med aktiv dødshjelp er at tilbodet er vanskeleg tilgjengeleg for dei fleste, og som tala frå Belgia og Nederland syner er det få som gjennomfører det kvart år.

Eg vonar at me kan einast om at livskvalitet målast kvalitativt og ikkje kvantitativt. Livet er eigentleg det einaste me har, og då bør me òg få lov til avslutta det når me ikkje finn det verd å leva lenger. Sjølv om livet kan ha uendeleg verdi for den einskilde er verdien tilnærma null samfunnsmessig. Det er ein trist røyndom, men jamvel sanning.

Ronny Rognhaugen

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.