Debatt

Burkini­paradokset

Straff for bruk av burkini høyrer ikkje heime i ein demokratisk rettsstat.

Debatten om straff for bruk av burkini har mange sider. Grunnleggande sett handlar det om forståing av store tema som religionar, relasjonar og politikk. Når kriminalisering kjem på tale, får saka òg ei strafferettsleg side. Strafferetten reserverer vi – eller i alle fall forsøker å reservere – for klanderverdige handlingar. Straff handlar grunnleggande sett om å klandre ansvarlige menneske for handlingar som vi meiner det er galt, og oftast òg grunnleggande galt, å gjere. Av den grunn opererer ein ofte med såkalla kriminaliseringsprinsipp, som skal gje rettleiing når det kjem til kva handlingar som er eller ikkje er tilstrekkeleg alvorlege til å verte straffbare å utføre.

I burkinitilfellet verkar det vere eit paradoks i så måte.

Muslimske kvinner er normalt rekna for å vere straffansvarlege – til dømes dersom ei mor gjer vald mot barna i familien. Slike kvinner vil klart òg, som andre mødrer, kunne verte strafferettsleg ansvarleg for å verke med til dømes til vald faren i familien gjer mot barna. Utgangspunktet er altså at (òg) muslimske kvinner er straffansvarlege – dei evnar å sjå skilnaden på rett og galt, og å handle deretter. So far, so good.

I eit sekulært samfunn bør vi kunne vere så trygge på det sekulære at vi kan leve godt òg med religiøse uttrykk i det offentlege.

Kriminalisering av burkini – det vil seie eit klesplagg – er i seg spesielt. Eit problem er allereie prinsippet om likskap. Straffebodet si rekkevidde må svarar til det som er grunngjevinga for det: Alle, ikkje berre ein del av dei som står for den aktuelle krenkinga, skal rammast av forbodet. Om straffebodet berre rammar nokon av dei som står for den same forma for krenking, har vi eit forklaringsproblem.

Dersom tildekking på stranda i seg sjølv er eit problem, er det mange – særleg oss på «sommar»-Vestlandet – som vil vere i trøbbel. Men la oss kaste eit blikk ut på stranda og sjå litt på livet der. Vi ser då denne litt merkelege blandinga av offentleg og privat som ei strand no eingong er – nokre søv, andre et, mange tek forma av nakne kroppar berre dekka av små badetøy, bryst er blotta, menn i badebukse gjer yoga. Andre er berre på piknik i sommarskjorte og shorts. Det verkar vanskeleg å grunngje at tildekking på stranda i seg sjølv skal vere eit problem i eit slikt offentleg-privat rom. Tildekking – klede – representerer her om noko snarare eit steg i retning av normaliteten i det offentlege rom. Så vi kan stryke den som grunngjeving i seg sjølv.

Grunngjevinga må då ligge på eit eige plan. Klesdrakta har ein religiøs bakgrunn. Men religionen islam har ikkje generelt status som ein forboden religion. Der er kanskje dei som ønskjer at den var det, men religionsfridom er eit fundamentalt rettsstatleg prinsipp. Så heller ikkje denne religiøse koplinga kan i seg sjølv gje ei grunngjeving for kriminaliseringa.

Og vil ein forby religiøse klede eller teikn i den offentlege sfæren, så vil vi altså måtte la straffebodet ramme langt vidare. I eit sekulært samfunn bør vi likevel kunne vere så trygge på det sekulære at vi kan leve godt òg med religiøse uttrykk i det offentlege, i alle fall så lenge dei til dømes ikkje i seg sjølv rammar ideen om eit offentleg rom, slik visse andre klesdrakter kanskje seiast gjere.

Neste steg vert då å sjå på det tildekkinga med akkurat denne drakta gjer med kvinna. Den undertrykkjer, meiner mange. Ok – la oss for saka sin skuld ta det som premiss: Drakta er sterkt kvinneundertrykkande. (Eg veit ikkje om den er det, meiningane er delte.) Dermed vert kvinna offer og ufri i denne drakta. Det verkar òg vere den mest nytta grunngjevinga for ønskjer om å kriminalisere burkini. Men – og det er då paradokset oppstår – då vert det jo rart å straffe kvinna for å ha på den. Strafferetten sitt utgangspunkt var jo nettopp at ho er ansvarleg og evnar å sjå skilnad på rett og galt og handle deretter – og at det er kjelda til at ho kan haldast straffansvarleg. Men jo meir undertrykkande vi forstår drakta, jo meir ufri må vi samstundes oppfatte henne.

Så vi må ta stilling: Anten er den burkiniberande kvinna ufri, men dermed heller ikkje kapabel til å vere straffansvarleg for bruken – noko som lett òg vil måtte få konsekvensar for korleis vi (ikkje) vil døme ho i andre samanhengar. «Ho slo barnet.» – «Jammen, ho bar burkini!» Det verkar rart.

I så fall har vi i norsk strafferett fått ein ny unnskyldningsgrunn på linje med å vere utilrekneleg. Men så forstyrra som den utilreknelege vert rekna for å vere, er det vanskeleg å seie at ei med burkini er, fordi ho har burkini. Eller så må vi seie at ho – òg i burkini – er fri og ansvarleg. Men kva vert då igjen av problemet med at ho ber burkini? Det einaste potensielt koherente alternativet for kriminalisering av burkini, vil kunne vere å strafflegge den som tvinger ein annan til å bere burkini. Handlingar som grip langt inn i andre sin fridom er strafferetten sitt rette domene. Eit straffebod for tvang har vi likevel alt i § 251.

Burkini – bra eller dårleg? Vanskeleg for meg å svare på. Men straff for bruk av den høyrer ikkje heime i ein demokratisk rettsstat.

Jørn Jacobsen er professor ved det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Mer fra Debatt