Debatt

Åndssnobberi kan ein finne overalt

Akademiseringa av sykepleiefaget er påtvunget av staten og er blitt diskutert i førti år.

Medieoppslaga om sjukepleiestudiet skaper uro. Sjukepleie er det største akademiske faget i landet. Meir enn hundre tusen sjukepleiarar, sjukepleiestudentar, sjukepleielærarar og forskarar i sjukepleiarutdanning har kunnskapar og kunne ha vore spurt om situasjonen i faget.

Likevel blir nokre skrekkanekdotar, lausrivne sitat frå lærebøker og dystre spådommar brukt til å avfeie både utdanningane og heile faget. Vi står att med eit bilete av sjukepleiarane, og spesielt sjukepleielærarane, som åndssnobbar på jakt etter intellektuell status: Dei nedvurderer praksis, vil ta master og bli forskarar, og ender opp som berre kvasi. Ja, var det anna å vente frå eit tradisjonsrikt kvinnefag?

Eg underviser ikkje på sjukepleiarutdanninga, men kjenner sjukepleielærarane som kunnskapsrike og engasjerte fagfolk, og det er ikkje morosamt når heile yrkesgruppa blir hengt ut. Det krev innsats, samarbeid og kunnskap å sikre at studentane får den nødvendige praktiske sjukepleiekompetansen.

Halve sjukepleiestudiet er jo praksis. Vurderingane og evalueringane frå praksisperiodane tyder på at det lykkast i all hovudsak, trass i at studenttalet går opp samtidig som helsetenestene blir innskrenka. Studenten som setter sprøyter, må lære å observere og vurdere tilstanden og behova hos pasienten som får sprøytene, og verknadene og biverknadene av medikamentet. Inn i ei praktisk handling kan det gå både biokjemi og etikk.

Akademiseringspørsmålet krev ein reell debatt, og den er ikkje ny, men har gått i over 40 år.

Akademiseringspørsmålet krev ein reell debatt, og den er ikkje ny, men har gått i over førti år i sjukepleiefaget sjølv. Den skarpaste og mest prinsipielle kritikken av akademiseringa vart reist i første omgang av Herdis Alvsvåg og Kari Martinsen ut frå filosofisk, historisk og kunnskapsteoretisk forsking. Fram til i dag går diskusjonar om forholdet mellom forskingskunnskap og praktisk kunnskap i faget. Direkte, klinisk sjukepleieforsking er ført fram i Noreg av Marit Kirkevold og fleire andre. Den er med på å utvikle, begrunne og problematisere sjukepleiepraksis, og er viktig.

Internasjonalt har sjukepleieforskinga stort omfang og er for størstedelen klinisk retta. I dag er det ikkje muleg å skru av eller forby sjukepleieforskinga. Sjukepleiepraksis krev fleire slag kunnskap. For den som skal praktisere i ei verd som er gjennomsyra av vitskap, er det nyttig å kunne lese forsking i eige fag. Både diskusjonane og forskinga burde ha offentleg interesse.

Dessutan er akademisering av sjukepleien statleg politikk. Med Universitets- og høgskoleloven i 2005 kom universiteta og høgskolane under same lovverket.

Kanskje nokon hugsar korleis det nye nasjonale organet for kvalitet i utdanninga, Nokut, viste musklar ved å varsle at sjukepleiarutdanningane ville misse eksamensretten dersom dei ikkje oppfylte visse krav: 20 prosent av lærarane måtte ha akademisk førstestillingskompetanse, altså vere professorar og førsteamanuensar. Studiet måtte også innehalde bestemte mengder vitskapsteori og forskingsmetode. Tretti utdanningar måtte legge om studieplanar og skaffe professorar og førsteamanuensar i all hast for å få lov å halde fram å utdanne sjukepleiarar.

Vi fekk altså ei statleg påtvinga akademisering av sjukepleiestudiet i Noreg. Eg meiner det ville vore mykje betre om sjukepleiarutdanningane hadde fått definere retning og tempo ut frå behova i faget sjølv. I alle fall vart situasjonen brukt til å utvikle akademisk kompetanse også i sjukepleiefaget.

For å undervise på sjukepleiestudiet må ein ha minimum mastergrad og pedagogisk kompetanse, og det er berre grunnlag for vidare kvalifisering. Det er ikkje nok for eksempel å ha fleire vidareutdanningar i spesialsjukepleie. Sjukepleielærarane som no blir pensjonistar, har hatt eit yrkesliv med stadig nye kvalifiseringskrav etter kvart som styresmaktene har trappa opp dei akademiske formalkrava. Det er den statlege mastersjuka.

Men når ein uansett må ta master for å bli lærar i sjukepleie, er det ikkje rimeleg at ein skal kunne velje eit mastertilbod i sjukepleiefaget? Kvifor blir master i sjukepleie diagnostisert som sjukdom og ikkje som kompetanseheving?

Det er ikkje det at det ikkje finst åndssnobberi og uklåre formuleringar i sjukepleiefaget. Slikt finst det rikeleg av i alle vitskapane. Men der finst jo også ting som ein kan lære av. Det vi blæs av i starten kan vise seg verdfullt lenger fram. Eg trur faktisk ikkje åndssnobberiet står sterkast i sjukepleiefaget, der akademikarane har eit grunnlag i praktisk utøving, og der innsikta i praktisk kunnskap har stått sterkt over tid.

Ingunn Elstad er professor i sjukepleie ved UiT – Norges arktiske universitet.

Mer fra Debatt