00:01 - 06. mai 2016

Vennskapets kraft

Frå den dagen dei møttest var det aldri noka lukka dør mellom Christiane Schreiber og Sofie Ribbing. På 1800-talet var slike romantiske vennskap svært vanlege.

Sjelefrendar: Christiane Schreiber og Sofie Ribbing var blant dei første nordiske kvinnelege målarane som reiste rundt i Europa for å lære meir. Til venstre: Christiane Schreibers sjølvportrett, til høgre Schreibers portrett av venninna, Sofie Ribbing, i kolstift på papir. ⇥⇥Illustrasjonar: Christiane Schreiber /Stavanger Kunstmuseum

For mennesker er vi gaat sammen som person, saa de i regelen blander os sammen. Vi forekommer vel som et firma, f.eks. Steen & Strøm, man ved firmaet, men forvexler hvem som er Steen og hvem Strøm.

 

Så tett er vennskapet mellom Harriet Backer og Kitty Kielland ifølgje sistnemnde i brev til Jonas og Thomasine Lie (21. mars 1897). Det er to halvdelar som har gått saman i eit heile. Dei to målarane budde og arbeidde saman i lange periodar av livet. Av praktiske grunnar vil nokon hevde, men det er ingen tvil om at dei hadde stor glede av sambuarskapet og sette vennskapet svært høgt.

Annonse

«Er ikke Schiøtz i stand til å se at hans faglige integritet og tyngde dermed settes i et merkelig lys?»
«Æresrettsutvalget har dokumentert den grunnleggende mangel på legalitet for opprettelsen av æresretten.»
«Bombasterier, postmodernistisk forhold til sannhet og verbale trylletriks.»