Debatt

Biblioteka formidlar heile tida

Ein kan kjenne seg heidra når ein blir sitert i Morgenbladet, men det føreset at sitatet er rett og blir sett i rette samanhengen. Bernhard Ellefsen gjer i Morgenbladet 18. mars eit poeng ut av at eg som fylkesbiblioteksjef i Rogaland rådde bibliotek til å seie nei takk til innkjøpte bøker frå Kulturfondet. Det Ellefsen ikkje siterer frå Aftenposten er dette: «Vi har bare ett hovedbibliotek i en kommune med 17 000 personer, så for oss var det naturlig å si opp abonnementer. Det var nok med ett eksemplar hver i ordningen skjønnlitteratur for voksne, sier Lund.» Vi sa altså ikkje opp Kulturfond-ordninga i seg sjølv, men gjorde ei fagleg vurdering av at biblioteket berre trong eitt eksemplar av Kulturfond-innkjøpte bøker for vaksne.

Eg tykkjer generelt at både Cecilie Naper, Bernhard Ellefsen og det ålmenne ordskiftet er for opptekne av 10 på topp-listene når ein samanliknar bibliotek og bokhandel. No er eg tilbake som biblioteksjef, denne gong i Levanger. I denne kommunen, med 19 500 ibuarar og relativt lågt utlån, vart det lånt ut 19 805 ulike titlar av ulike media. Om vi ser på det Ellefsen eigentleg er uroleg for, skjønnlitteratur for vaksne, viser det seg at vi lånte ut romanar, diktsamlingar, noveller og skodespel for vaksne av 1681 ulike forfattarar. 61 prosent av dette utlånet var av bøker utgjevne dei 5 siste åra. Dette er gjengs i biblioteka.

Eg tykkjer at det ålmenne ordskiftet er for opptekne av ti på topp-listene når ein samanliknar bibliotek og bokhandel.

Biblioteket si rolle i litteraturformidlinga er todelt: vi skal stille eit breitt utval til rådvelde, men skal òg drive aktiv formidling. Vi lagar utstillingar, vi har lunsjbokprat, forfattarbesøk og skriv bokmeldingar innimellom at vi kjøper inn, katalogiserer og rettleier i skranken. Ut frå det Ellefsen skriv verkar det som at han trur at vi brukar tida vår på å formidle Nesbø, Moyes, Hoem og Ferrante. Sjølvsagt ikkje. Vi kjøper inn nokre eksemplar, så ser vi dei igjen om eit halvår eller år når ventelista er ferdig.

Denne breidda av aktivitetar er det ikkje berre Levanger bibliotek som held på med, dette er vanleg i heile bibliotek-Noreg. Nasjonalbiblioteket skal dele ut 48 millionar kroner i prosjekttilskot til bibliotek i 2016 – brorparten av dette vil gå til formidlingsaktivitetar, og resten til andre prosjekt som på ein eller annan måte skal styrkje formidlinga av samlingane våre.

Det er bra at det no blir fokusert meir på biblioteka som formidlingsarena for bøkene som kjem gjennom Kulturfondet. No er det eit heilt anna trykk for formidling, både frå forfattarorganisasjonane, Nasjonalbiblioteket og Kulturrådet, noko biblioteka og Norsk Bibliotekforeining har jobba for i mange år. Difor er eg særs glad for at Levanger bibliotek no får 60 000 i formidlingstilskot frå Kulturrådet for å satse endå sterkare på formidling av bøker frå innkjøpsordningane i året som kjem. Gjennom både tagging i katalogen, digital formidling, utstillingar og forfattarmøte skal vi lyfte Kulturfond-bøkene. Vonleg lærer vi noko vi kan formidle til resten av folkebiblioteka og andre interesserte.

Vidar Lund er biblioteksjef ved Levanger bibliotek.

Mer fra Debatt