Debatt

Ansvar for eigen kjærleik?

Festtalar er vemmelege ting som gir eit nådelaust innblikk i korleis vener og familie ser ein. Så når Geoff i filmen 45 år held ein tale til kona Kate, der ho ikkje synes igjen i det heile, korkje i form eller innhald (sentimentale klisjear med obligatoriske tårer), gjer det vondt. Kjetil Slagstad har nok rett når han i førre avis skriv at Geoff gjer så godt han kan, men det er ikkje godt nok.

Slik eg forstår filmen, forsvann Geoff sin kjærleik ned i isbreen med Katja då for lenge sidan, og livet etterpå har vore ein form for eksistens. Dette er ein trist lagnad, og fortener sympati, men ved å gifte seg med Kate så dreg han henne med i sitt skuggeliv: her er inga framtid (ingen born), inga fortid (ingen fotografi) og etter kvart ikkje noko samliv (tilsynelatande driv Kate livet dei deler; ho held huset, går tur med hunden, lagar til jubileumsfesten).

Her er inga framtid (ingen born), inga fortid (ingen fotografi) og etter kvart ikkje noko samliv.

Eg trur ikkje Geoff ser dette, men det er det Kate etter kvart innser. Når ho stenger av, som Slagstad skriv, er det ikkje ein reaksjon på kjærleikshistoria med Katja, det er ein reaksjon på ekteskapet hennar: Geoff har gjort at livet hennar berre har vore eksistens. Han har ikkje gjort det med overlegg, og han har si eiga, tragiske historie som ligg bakom, men han har like fullt gjort det. Og i møte med dette går Kate i overlevingsmodus og stenger ned. Kanskje har Slagstad rett i at sympatien vår for lett hamnar hjå henne, men formildar Geoff sin mangel på sjølvforståing ansvaret for handlingane hans?

Nils Hallvard Korsvoll er stipendiat.

Mer fra Debatt