00:00 - 24. desember 2015

Eg kjenner det i tennene

Klattar: Sykkelfelta er på og av, litt sånn klatta utover. Tydelig tilrettelagt for kvar det ikkje passar bilane at vi syklistar har eit eige felt, skriv Anne Viken. Foto: Ellen Lande Gossner

Eg filte ned tennene i møte med asfalt. Det var inga trafikkulykke, men det gjorde meg redd for å sykle i mange år. Og eg hadde flaks. Eg kom tilbake på setet som ein enda meir skjerpa syklist, men når eg ser meg om, vurderer trafikken og kor eg kan sykle, kjenner eg det i tennene. Dette er typisk. Ein blir redd for det punktet ein tidlegare har skada. Og eg har god grunn. Oslo er ein farleg sykkelby.

Marit K. Slotsnæs skreiv at det største problemet for sykkelpolitikken kanskje er syklistane sjølv. Erstatt syklistar med bilistar og rotete sykkelfeltorganisering, og vi er inne på den praktiske realiteten.

Problemet ligg i stor grad i organiseringa av sykkelfelta, om dette kan kallast organisering. Mest av alt minnar sykkelfelta i Oslo om ein målar som med bind for auga har slengt maling mot ein vegg. Dei er klatting. Eksempla her er frå mine daglege sykkelvegar.

Når eg syklar frå Tåsen ned Tåsenveien – Uelandsgate, syklar eg først utan sykkelfelt. Så brått startar sykkelfeltet, så er det av og på, før eg atter har sykkelfelt inn i ei ny rundkøyring. Fortset eg til høgre opp Kierschowsgate, har eg sykkelfelt, når eg kjem til krysset Ring 2 – Geitmyrsveien, stansar sykkelfeltet like før Oljeskift Expressen. Det startar igjen ca tjue meter lenger fram, midt i vegen. Ein må altså sjå seg rundt, krysse bilistanes «sving høgre / rett fram»-felt, ei perfekt ulykkesfelle, før ein kan stille seg pent i rødt sykkelfelt, mellom to bilfelt (venstre, høgre / rett fram). Du står i eit retningslaust felt midt i eit sterkt trafikert kryss. Deretter bør ein velge retning rett fram inn i Geitmyrsveien, der det er sykkelfelt. Det er ingen sykkelfelt verken på høgre eller venstre side i Ring 2 i Kirkeveien.

Kven er det som startar eit sykkelfelt med ein asfaltkant du må over?

Skal du Mathallen-Tåsen, forsvinn brått sykkelfeltet inn i grøntområdet på Alexander Kiellands-plass. For å kome inn på dette, du må opp over ein asfaltkant (!!), sykle på feltet i parken, før du må ut igjen og velge mellom å køyre beint inn i ei rundkøyring eller krysse på fotgjengarfeltet for å fortsette opp Uelandsgate. Kven er det som startar eit sykkelfelt med ein asfaltkant du må over? Ingen syklist. Sykkelfelta er deretter på og av i Uelandsgate, litt sånn klatta oppover. Tydelig tilrettelagt for kvar det ikkje passar bilane at vi syklistar har eit eige felt.

Frå Ullevål stadion til sentrum via Ullevålsveien er det sykkelfelt. Dette er bra, og difor syklar eg her kvar dag. Når ein kjem til krysset Sognsveien-Kirkeveien er det god plass til to bilar ved sida av kvarandre, og eit sykkelfelt. Likevel stiller bilar seg i sykkelfeltet når dei skal til høgre mot Majorstuen. Bussar også. Ergo er du som syklist skvisa ut. Ein kan lure på kva slags bilistar det er som ikkje vågar stå i eit kryss utan over ein meters klaring til bilen ved sida av.

Ein gong då eg sykla i sykkelfeltet på veg oppover Sognsveien, før krysset Kirkeveien, kom ein bil inn frå venstre frå Stensgata. Han svinga så dårleg oppover mot krysset at han held på å rive meg, som var på høgre side av vegen, med seg. Desse som har kjøpt sertifikat på postordre, er eit problem for syklistar.

Oslo kommune har delt ut gratis piggdekk til hundre syklistar for at desse skal fungere som forbilde og lokke andre ut på heilårssykling. Men før dei sender hundre nye syklistar ut i dei mange farlege sykkelfellene i Oslo, bør dei også dele ut verneustyr. Hjelmar og handskar som tek av og kan redde fingrane dine når du treff asfalten. Ein kan også gjerne tilby Oslo-syklistar eigne sykkelforsikringar, om dei skal vere forbilder. Ha politikontroll i kryssa og fjern bilistane frå sykkelfelta. Og så treng vi sykkelstativ der syklane kan låsast forsvarleg fast. Stativa er like tilfeldig klatta utover som sykkelfelt.

Det er ein fordel å vere ein erfaren terrengsyklist når ein tek seg fram blant asfaltkantar, trikkespor og bilistar som set livet ditt i fare for å kome seg forbi i gater utan sykkelfelt, som ikkje ser seg for, og i dei litt for tydelege bilspora av elendig planlagte sykkelfelt.

Anne Viken er syklist med porselenstenner, Oslo.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Les Morgenbladet digitalt i 10 uker for 10 kr. Bli abonnent
Annonse

«Det som virker i statsvitenskap, virker ikke nødvendigvis i antropologi.»