Debatt

Raus. Storsinna. Vidsynt.

Litteraturkritikar Frode Helmich Pedersen bryt litteraturkritikkens første bod.

Det finst ein vits: Det var hardingen og vossingen og bergensaren som alle skulle få eit siste ønskje oppfylt, før dei blei hengt i galgen. Hardingen ville gjerne få litt eplecider frå Hardanger. Bergensaren ville gjerne halda ein tale. Og vossingen? Vossingen bad om å få bli hengt før bergensaren.

Frode H. Pedersen er litteraturvitar og førsteamanuensis, og han er litteraturkritikar i Morgenbladet. Han er også bergensar så god som nokon. Han er dessutan ganske ung, og han kjem truleg til å halda på med sine romlande tomme tønner og eviglange preiker lenge, så eg (som vossing) burde kanskje henga meg først som sist. I førre utgåva av Morgenbladet får litteraturkritikken i Bergens Tidende slik hard medfart at ein skulle tru vi alt var døyande.

I Morgenbladet får litteraturkritikken i Bergens Tidende slik hard medfart at ein skulle tru vi alt var døyande.

I Bergen legg ein visst ikkje noko i mellom. Viss Preben Jordal (no redaktør for Vinduet) ikkje liker ein roman av Karl Ove Knausgård, får boka sanneleg høyra det. Og Tomas Espedal har på vegne av alle såra forfattarar spart eit heilt kruttlager av hemn som han no på Facebooksida si øser over dei nyaste nummera til Vinduet. Frode H. Pedersen er ikkje snauare. I ein artikkel i den siste utgåva av Norsk Litterær Årbok (NLÅ) hamrar han laus på aviskritikken i opptil fleire Schibstedaviser, Bergens Tidende i særskilt grad.

Artikkelen i NLÅ er velskriven, og kan tilrådast varmt, sjølv for sartare austlendingar. Pedersen har eit bankande hjarta for bøkene, og likeså viktig, den samfunnsmessige tydinga av dei. Det er rørande korleis han tenkjer om avisene og litteraturkritikkane der: at dei er og fortsatt må vera det viktigaste bindeleddet mellom den litterære institusjonen og det større samfunnet rundt. Sviktar avisene dette samfunnsoppdraget, blir kritikken marginalisert til tidsskrift. Og, skriv Pedersen, «en marginalisering av kritikken er dermed ensbetydende med at kunsten blir fratatt størsteparten av sin på påvirkningskraft.»

For bøkene sin del må ein vona det finst fleire vegar til lesaren sitt hjarta, og til hennar tenkjande og samfunnsgrublande sinn. Vi må kunna tru at folk fortsatt fortel om bøker dei har lese til kvarandre, og at dei til og med diskuterer kva som står i dei. Ikkje alle er like sjenerte og tandre som lektor Elias Rukla. Men lat oss absolutt tenkja oss og tru, som Frode H. Pedersen gjer i artikkelen sin, at avisene og massemedia har ein viktig funksjon å fylla for bøkene på den eine sida og lesarane på den andre. Kor dårleg eller bra står det så til, i 2015?

Dette var oppdraget Pedersen skulle svara på, for redaktørane av NLÅ. Kva gjer ikkje så Pedersen, som er det lataste av alt!? Han refererer til refsinga som Prosa-redaktør Sinde Hovdenakk kom med då VG bestemte seg for å slutta med bokkritikk fast kvar søndag (ca. fire sider) i fjor. Sindre Hovdenakk, som sjølv var (og enno er!) meldar i VG. Ein kunne jo spørja seg om kva økonomiske interesser Hovdenakk sjølv hadde.

Pedersen lar til og med Hovdenakk vera sanningsseiar for den nedskjeringa Prosa-redaktøren ser i andre aviser, som ein refleks av det innbilte flaggskipet VG. Ei omlegging av kritikkformatet i Stavanger Aftenblad og BT er ikkje satsing, det er nedlegging kamuflert som noko anna, hevdar Hovdenakk. Og Pedersen konstaterer berre at VG-meldaren har rett.

Han tar seg ikkje bryet med å sjekka påstandane. Han, som har ein institusjon (UiB) i ryggen og er betalt (av storsamfunnet!) for å gjera ein skikkeleg jobb med litteratur.

I samråd med kulturredaktør Hilde Sandvik og noverande sjefsredaktør Øyulf Hjertenes bytta eg i fjor fast dag for litteraturkritikken i BT; frå søndag til fredag, og til bilaget «Lest.Sett.Hørt». Det er langt færre som les aviser søndagar enn elles i helga. I samråd med Sandvik utvida eg også formatet for litteraturkritikken, og fordobla lengda på kvar einskild melding.

Vi har også fått meir sakprosa representert i litteraturspaltene. I sum melder vi nok færre bøker enn for ti år sidan, men vi gjer det grundigare no. Det må vera lov å peika på dette. Og kven vil med handa på hjarta påstå at dei notisstutte meldingane som VG trykte før, var så veldig viktige for den kritiske offentlegheita og samfunnet i sum? Det var bokindustrien og marknadsfolka som tapte på at færre terningar skulle kastast der.

Faktasjekk må vera kritikkens første bod. Det neste må vera storsinn og romslegheit.

Pedersen gjer seg kosteleg til høgsterettsdommar over at Hilde Sandvik har brukt ordet «raus» som ideal for kritikken. Men sjølvsamme Pedersen er ikkje romsleg eller raus nok til å spørja etter samanhengen for denne utsegna. Han tar ikkje utsegner i beste meining. Han ser berre noko han kan angripa, og han gjer det som berre ein einaugd kritikar kan. Faktum var at både Morgenbladet og Klassekampen på førehand kritiserte eit forsøk på variasjon i meldingssjangeren som vi har kalla «meldarintervju». Er det raust? Er det opplysande?

Heller enn 99 sjølvrettferdige og forutinntatte kritikarar vil eg ha éin meldar som BTs Silje Stavrum Norevik, som i «meldarintervjuet» torer å spørja seg og forfattaren av ei bok: er denne vurderinga mi forblinda av noko? Har du som forfattar syn for andre sider av dette verket? Her er mi vurdering. Eg begrunnar den slik. Kva har du sjølv prøvd å få til?

Forresten er Silje Stavrum Norevik også bergensar. Der er grunnar til å ikkje henga seg rett enno.

Gudmund Skjeldal er bokansvarleg i BT og vossing.

Mer fra Debatt