00:00 - 28. august 2015

Forskingsfusk er skadeleg for akademia

I artikkelen «I overkant inspirert forskning» av Elida Høeg, Hanne Østli Jakobsen og Jon Kåre Time fortel Einar Lie, føregangaren min i prodekan-stillinga på Humanistisk fakultet ved Universitetet i Oslo, at plagiat «ikke [er] noen stor del av den faglige samtalen» og at «det er en utfordring for oss». Eg er einig med Lie og meiner at det er på høg tid å rette opp i dette og setje forskingsfusk endå meir på dagsordenen hjå dei vitskaplege tilsette ved norske universitet og høgskular.

I år reviderer Kunnskapsdepartementet Forskingsetikkloven frå 2007 for å ta tak i einskilde gråsoner. Eg arbeider no med å vidareutvikle fakultetet sitt obligatoriske seminar om forskingsetikk for nye Ph.D.-stipendiatar. Bevisstgjering omkring forskingsetikk er ekstremt viktig i denne tidlege fasen av ein forskarkarriere. Vi – med god hjelp frå Dei nasjonale forskingsetiske komiteane – skal gje ei djuptgåande drøfting av forskingsetiske problemstillingar. Eg forventar òg at alle rettleiarane deira kjem til å ta opp slike spørsmål med jamne mellomrom i løpet av dei tre åra dei samarbeider med stipendiatane.

Fleire av dei som er intervjua i saka, fortel at det kan vere vanskeleg å seie ifrå når dei mistenkjer fusk. Men i ei tid når vi akademikarar opplever meir og meir press på å få til framifrå forskingsresultat, er det faktisk skadeleg både å plagiere og å ikkje seie ifrå når eins eige arbeid blir plagiert. Vi har gode rutinar for å handtere forskingsfusk ved institusjonane, men det hjelper ikkje dersom ein ikkje seier frå.

Tida er inne for å gjere forskingsetikk til ein endå større del av den faglege samtalen.

Det er særs mykje som står på spel: Akademiske tilsettings- og opprykksprosessar og forskingsfinansiering er i stor grad basert på publisering og omdøme, noko som gjerne blir målt ved kor ofte andre forskarar siterer eins vitskaplege arbeider. Viss ein forskar juksar seg til ein publikasjon ved å fuske, går det ut over andre som kanskje ikkje får arbeida sine publiserte i ein overbelasta marknad, eller ikkje får tilbod om ei stilling fordi dei tilsynelatande ikkje har like mange merittar på cv-en. Og viss ein ikkje oppgjev kjeldene sine, snyter ein andre forskarar for verdfull omdømebygging som kan hjelpe dei vidare i eit yrke prega av spissa konkurranse.

Eg tenkjer at vi i forskingsleiarstillingar har eit stykke opplysingsarbeid å gjere – forskingsfusk er skadeleg for akademia, og vi har allereie hatt fleire uheldige saker frå norske forskingsmiljø dei seinaste åra. Det er sannsynleg at dette berre kjem til å hende oftare når krava om framifrå resultat aukar, med mindre vi saman tek tak i dette. Tida er inne for å gjere forskingsetikk til ein endå større del av den faglege samtalen ved universitet og høgskular rundt omkring i Norge.

Ellen Rees er prodekan for forsking og forskerutdanning ved Det Humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Vi har inntil 50 prosent rabatt for nye abonnenter. Bli abonnent
Annonse