Ideer

Ein likare likskap?

Kva rettferdsprinsipp ligg bak proporsjonal skattelegging, om ikkje likskap?

Spørsmålet er ikkje likskap eller rettferd, men kva likskap og kva rettferd.

Andreas Masvie sitt innlegg om skattepolitikk 19. juni er innom mange tema for å utfordre den progressive inntektsskatten. Her er det mykje å ta tak i, men eg vil utfordre Masvie på det eg opplever som hovudargumentet hans, det at likskap ikkje er det same som rettferd, og at den progressive skattlegginga sitt mål om likare ressursfordeling i samfunnet då ikkje nødvendigvis er rettferdig.

Ein kan vere samd eller usamd i denne ressursfordelinga, men Masvie sitt poeng er at likskap ikkje er det same som rettferd. Men kva rettferdsprinsipp ligg bak proporsjonal skattelegging, om ikkje likskap? Den same prosentsatsen for alle? Progressive skattelegging erkjenner nettopp det at denne typen likskap ikkje er det same som rettferd, men at rettferd er ei likare ressursfordeling i samfunnet. Så spørsmålet er ikkje likskap eller rettferd, men kva likskap og kva rettferd. Og det er eit politisk spørsmål, ikkje noko som ligg i den menneskelege natur (som tolka av Locke og deg sjølv).

For øvrig meinte Jean Jacques Rousseau på si side at mennesket tapte sin naturlege tilstand når det første mennesket kom på å hevde eigedomsrett over eit stykke land, og at dette i sin tur ligg til grunn for all krig, ufred og liding som sidan har fulgt. (Viss høgresida hentar store ord frå filosofihistoria, kvifor skal ikkje me på venstresida òg gjere det?) Så framstillinga av progressiv inntektsskatt som eit institusjonelt overgrep mot menneskenaturen blir òg for enkel.

Nils Hallvard Korsvoll
Sosialist

Mer fra Ideer