Annonse
13:32 - 28. mai 2014

Tullar du med meg, Johan Nordahl Brun?

NORSK STIL Denne veka har tusenvis av 18-åringar gått opp til eksamen i norsk. Morgenbladet utfordra forfattar Olaug Nilssen – dobbelt så gammal – til å gjennomføre sidemålseksamen saman med elevane. Her er svaret, uredigert.

Eksamenstid på EDB-rommet: Morgenbladet ba forfattar Olaug Nilssen om ta avgangseksamen i norsk sidemål saman med elevane på Fyllingsdalen vidaregåande skule. I svaret sitt spør ho om Johan Nordahl Bruns dikt Norges skaal er ironisk meint.
Annonse

Når eg les diktet «Norges skål» av Johan Nordahl Brun, tatt ut av sin samanheng og plassert i eit eksamenshefte, er min første reaksjon at det er ironisk meint. Diktet framstiller nordmenn som kjemper, tapre heltar og påstår at Dovrefjell ropar «Hell!» for å oppildne nordmenn til frigjeringskamp. Hell? Jaha?

For det første klarer eg ikkje heilt å sjå for meg at nokon nokonsinne har meint, heilt alvorleg, at nordmenn ER «ærlig norsk, blant klipper født». For det andre anar eg ein bittersøt tvitydigheit i drikkevisa. Dei drikk, hoiar og skålar for å hausse kvarandre opp, men alt i første strofe heiter det likevel «og når vi først får blod på tann, / vi søtt om frihet drømme,» som ei pinleg erkjenning om at ein sjølvsagt kan føle seg både ivrig og sterk i fylla, men at slikt skryt likevel ikkje endrar noko som helst. «Dog våkne vi vel opp en gang / Og bryte lenker, bånd og tvang.» Er ikkje dét ironisk? Er det ikkje snakk om eit sovande folk her, som ikkje fortener denne hyllande skålinga?

ALLEREDE ABONNENT?
Kjøp abonnement
Inntil 50 % rabatt
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Nok en gang blir klassisistene karakterisert som konservative og reaksjonære
Journalisten kunne tatt buss fra Oslo til Göteborg klokken 9.
FFAC kan ha et oppriktig ønske om å hedre søstrenes kunstsamlermor.
Nevnte paragraf gir nemlig kun visse minoritetsgrupper, som Alis, et vern mot «dehumanisering» og andre «hatefulle ytringer».