Annonse
15:06 - 03. januar 2013

Basisen er bøna

Bøn er ei fordjuping og intensivering av livet; heilt motsett av den gjengse moderne oppfatninga. Å be er ikkje å drøyme seg bort eller å kaste ynskjelappar i lukkebrunnen.

Humanitet: Mennesket er eit bedande vesen. Fordi det er eit relasjonsvesen, skriv Arnfinn Haram. Foto: Ellen Lande Gossner
Annonse

ESSAY

Når las du sist ein artikkel om det å be, i ein publikasjon som har det allmenne samfunnet som adressat? Når såg eller høyrde du eit program om bøn i dei vanlege kanalane? Eller tematisert i eit føredrag for eit ope publikum? Korleis har det seg at eit fenomen som bøn er så lite registrert og observert når det historisk sett er så overveldande tydleg, og i notida manifesterer seg så sterkt, bortsett frå hos oss? Det har fyrst og fremst å gjere med at trua på Gud er fortrengt. Sjølv om eit menneske skulle ha ei tru, er det ikkje god tone å seie det høgt i den offentlege sfæren. Vi har hamna i ein slags from deisme der Gud er ein distansert garant for moral og meining utan nokon slags levande og handlande relasjon til skaparverket. Mykje nyare religiøsitet reknar ikkje med ein transcendent, levande, viljande og handlande Gud. Det er meir tale om energiar og åndelege kvalitetar i vår eigen menneskelege konstitusjon. New Age-religiøsiteten opererer ikkje med bøn i tradisjonell tyding, men meir med meditativ kontakt med dei djupare laga i deg sjølv. Dette er uttrykk for den religiøse sjøldisiplineringa som krevst for å bli teken på alvor av den dominerande sekulærkulturen. Så snart Gud blir noko anna enn eitt av mange namn på vår eigen religiøsitet, går alarmen. Det religiøse må forbli innan den menneskelege kontrollsfæren. Det positivistiske regimet, som enno gjer seg sterkt gjeldande i det allmenne medvitet, pressar det bedande mennesket inn i ein narsissistisk speglsal der det ser seg sjølv og nyt seg sjølv heile tida. Bøn og religiøs praksis blir noko som går opp i den vanlege velverekulturen. 

Når religionen blir privatisert, fører det til intimisering og utydlegjering av religiøse praksisar. Frå å vere ein kraftig og merkbar muskel i det åndelege livet går bøna over til å bli ei flik med tynn og kjensleg hud, altfor «fin» til å ta i eller til å snakke om. Forfininga blir ein fortrengjingsmekanisme, ei uskadelegjering. Dette gjer noko med måten å be på. Det episodiske og forbigåande kjem i staden for disiplin, fokus og integrering av bøna i resten av livet. Bøna blir ikkje ein del av rammeverket ein lever i, men ein finesse eller ein raptus. Den flyktige bøna set ikkje spor i kulturen og i det konkrete livsrommet som formar tilveret vårt. Formlaus bøn en passent pregar seg ikkje inn i den estetiske, etiske eller politiske røyndomen vi elles uttrykkjer oss gjennom og får akkurat det litt uverkelege og uforpliktande preget som idealet tilseier og tilstrebar. 

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer