Annonse
12:28 - 16. mai 2012

Ein eksplosjon av kjensler

Kva med ord som kjærleik, løyndom eller møy? Kva med poesien, no viss nynorsken skal døy?

Nynorskpatriot: Herborg Kråkevik er berre ein av nynorsk-kjendisane som no engasjerar seg. Foto: Frode Hansen / Scanpix
Annonse

For kort tid sidan blussa nynorskdebatten opp på ny. Kristin Halvorsen vil no vurdere innhaldet i norskfaget. Det gjekk ikkje mange sekunda før hylekoret av nynorskpatriotar vakna til liv. «Nei, no går det mot undergangen for nynorsken!» Dei skal ha oss til å tru at noko viktig står på spel. Som om Gud og kvar mann har noko å tape på om sidemålet blir kutta, og nynorsken svekka. Kven har eigentleg noko å tape, spør eg?

Dei med eit romantisk forhold til språk har noko å tape. Skuleflinke vestlendingar frå gardsslekt, eller med lærarblod i årane. Dei med rett kulturell kapital. Dei med bokhyller i heimane. Dei som reiser ifrå industrijobbar, gardsbruk og harry bygdekultur, ut i verda for å ta utdanning. I det nymoderne samfunnet står dei brått lausrivne frå dei identitetstilskrivande strukturane. Dei må finne seg sjølv, finne sin identitet. I eit krampetrekk av patriotisme klamrar dei seg til nynorsken, og oppdagar at han har verdi som distinksjonsmekanisme. I nynorsken finn dei særpreget dei treng, sårt etterlengta no når vintage har blitt gjengs. Eg seier: Nynorskhipsteren er vanlegare enn kva de trur.

Nynorsken er på sett og vis eit elitespråk. Ungdommane som bryt fri frå statushierarkiets jag, som vel vekk høgare utdanning og blir buande i nynorskens kjerneområde, er meir pragmatiske. Dei er gullfisken i bollen. Dei snakkar brei dialekt og er trygg på den lokale identiteten. For dei er identitet knytt til heilt andre eigenskapar enn skrivenormalen. Dei bryr seg lite, så lenge dei kan skrive på dialekt. Der har du den perfekte arbeidsdelinga! Dialekt i sosiale medium og tekstmeldingar; bokmål til seriøse ting. Det er trass alt i det nære me vil vere oss sjølve.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Ideer