Annonse
04:00 - 07. oktober 2011

Hjarte talar til hjarte

Ikkje berre mennesket, men heile skaparverket er musisk.

Den fyrste songen: Det undrar meg ikkje om det ei mor på Stalheim song for borna sine, var nettopp ein folketone, ein kveldssalme eller ein bånsull, skriv Arnfinn Haram. Illustrasjon: Giovanni Battista Salvi
Annonse

Cor ad cor loqitur – hjarte talar til hjarte. Dette mottoet til den engelske konvertitten og kardinalen John Henry Newman (han med «Leid, milde ljos») kjem føre meg når eg tenkjer på den norske folkemusikken, og særleg dei religiøse folketonane. Det handlar om tonar som opnar hjartet, til utøvaren og til dei som lyttar og tek imot.

Reint personleg har eg òg denne røynsla av folketonane som hjarteopnande. Dei opna meg tidleg mot det vakre, mot det grenseoverskridande, mot det heilage, mot Gud.

I eit teologisk ljos er det musiske noko meir enn sublimerte paringssignal og tilpassingsdugleik i evolusjonen. Musikken og songen uttrykkjer, saman med kunstartene elles, den grunnleggjande harmonien, meiningsmønsteret, Logos-karakteren i røyndomen, i kosmos. Ikkje minst den heilage Augustin har reflektert over dette og knytt saman den nyplatonske filosofien og estetikken med bibelsk-kristen tradisjon. Gud er Skaparen, Creator – og dermed sjølve Den kreative. Han har skapt mennesket i sitt bilete, som imago Dei – og såleis gjort det kreativt, til ein med-skapar.

Lese mer?

ALLEREDE ABONNENT?
ABONNEMENT
Fra kr 39,-
per uke ved kjøp
av 12 mnd abonnement
Hold deg oppdatert på politikk, kultur og forskning. Du får alt stoffet som er i papiravisen, egne saker kun på nett, eAvis og hele arkivet med over 50 000 artikler.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.