04:00 - 02. juli 2010

Ufrivillig blasfemi

Kan det vere slik at det er dei rett-truande som er mest blasfemiske?

I bønn: Rundt 3000 demonstrantar samla på Universitetsplassen i Oslo i desember, i protest mot Muhammed-teikninga som vart trykt i Dagbladet. Foto: Stian Lysberg Solum/SCANPIX

Som reaksjon på Muhammed-karikaturane spesielt og på religionskritiske ytringar generelt er det i det siste reist krav om ein revitalisert blasfemi-paragraf: Blasfemi bør kunne straffast! Kravet blir gjerne reist av folk som i eigne auge er rett-truande.

Men kan det tvert om vere slik at det er dei rett-truande som er mest blasfemiske, jamvel om dei subjektivt ikkje opplever det på den måte? Det er gode grunnar for å hevde det:

Dei rett-truande, som vil ha andre dømt for blasfemi, kan sjølve vere ufrivillig blasfemiske, ofte i ein radikal forstand. Dette krev ein kommentar. Men aller først eit par innleiande merknader.

Annonse

«Arbeidsgruppens rapport vil diskuteres på åpent og demokratisk vis»