Annonse

Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
lør 27.05.2017
15:00Litteraturhuset

Ved eit tysk vegskilje

Laurdagsforedrag ved Kate Hansen Bundt

Sterk økonomi og posisjon i EU har gitt Tyskland ei nøkkelrolle i Europa i dag. Angela Merkel har vorte sjølve symbolet på stabilitet gjennom år med finanskrise og aukande flyktningstraum, men ein kan ikkje sjå bort frå at landet får ein ny leiar etter valet i september. Kven er dei aktuelle kandidatane, og kva slags politikk står dei for? I media er det stort sett sambandskanslaren vi møter, men når det kjem til stykket vert mykje av politikken i Tyskland avgjort på delstatsnivå, med store regionale skilnader. 

Kate Hansen Bundt er generalsekretær for Den norske Atlanterhavskomité og har bakgrunn frå NUPI der ho er styreleiar. I dette foredraget tek ho føre seg den politiske situasjonen i eit land som har vore gjennom dramatiske endringar, og ser på kva utviklinga kan ha å seie for resten av Europa. 

Foredraget er del av serien om europeiske stormakter i endring på Litteraturhuset denne våren.