Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
tor 14.11.2019
18:00Litteraturhuset i Bergen

Som du ser meg

Om Dag Johan Haugeruds litterære finkjensle.

Dag Johan Haugerud har i haust fått strålande kritikkar for spelefilmen Barn og er òg kjent for den prisvinnande spelefilmen Som du ser meg (2012). Men Haugerud har i tillegg ein forfattarskap det verkeleg er verdt å bli betre kjent med. 

Haugeruds romanar er fulle av innsiktsfulle glimt inn i det tilsynelatande ubetydelege. Med ei stor ømheit for menneske som ikkje alltid føler at dei strekker til og det kvardagslivet dei lever, viser han mellom anna fram at kvar einaste dag på jorda byr på ein jamn straum av misforståingar. Kritikar i Aftenposten Anne Merethe Prinos har følgt Haugeruds virke over tid og vil saman med forfattaren dykke ned i ein forfattarskap prega av djup menneskekunnskap og litterær finkjensle.

90/60,– (stud.)

Annonse