Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
fre 22.11.2019
20:00Litteraturhuset i Bergen

Protestsongar i ukjent landskap

Med Frode Grytten og Morten Qvenild.

Frode Gryttens forfattarskap trekker ofte i musikalsk retning, anten ved musikalske referansar i sjølve litteraturen – eller som konkrete møte mellom litteratur og musikk. No er Grytten aktuell med ei diktsamling som òg er ein del av eit musikalsk samarbeid med Morten Qvenild. 

Landet bortanfor landet. Område 51 skildrar ei verd som ikkje er plotta inn på kartet. Tekstane uttrykker frykt for ein krig vi ikkje kan yte motstand mot lenger fordi den blir utkjempa under bakken og oppe på himmelen, med maskinar, satelittar, dronar, fiber, kablar.

Her er ikkje noko land, seier geologen.

Her har du ingenting å gjøre, seier vakta.

Her finst ingenting, seier skiltet.

Grytten og Qvenild inviterer til opplesing, konsert og samtale om litteratur, musikk og krig. Øyunn Viken, leiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og styremedlem i Vestnorsk Jazzsenter, leiar samtalen.  

Landet bortanfor landet. Område 51 blei til som eit tingingsverk til Kongsberg jazzfestival i 2017 og blir no gitt ut både som bok og plate.

90/60,– (stud.) 

Annonse