Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
lør 12.03.2016
15:00Litteraturhuset i Oslo

Norrøn mytologi

Religionshistorikar Gro Steinsland om gudeverda og mytane.

Yme heitte kjempa som heile den norrøne gudeverda spring ut av. Føtene hans parar seg, og avkommet vert jotnane som slår seg til ute i Utgard. Æsene, dei høgverdige gudane, held til i Åsgard, der dei kjempar, døyr og står opp att når det er kveld og på tide å slakte den evigvarande grisen Særimne. Vêret tek Tor seg av, rid over himmelen med dei to geitebukkane sine. Om han då ikkje må kle seg ut som brur for å få tilbake den kjære hamaren sin, Mjølner. Og Odin ser det alt saman, endå han berre har eitt auga.

Religionshistorikar ved Universitetet i Oslo Gro Steinsland avrundar no Litteraturhusets serie om mytologiar med føredrag om den norrøne gudeverda og dei norrøne mytane.

Arrangementet er del av Litteraturhusets satsing Folkeopplysning, som vert presentert i samarbeid med DNB.

Annonse