Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
tir 17.07.2018
18:00Litteraturhuset

Mørk sommar. Snikkikk med Ragnar Hovland

Snikkikk på den kommende romanen Mørk sommar

Historikaren Matteus Olstad vaknar av at politiet bankar på døra. Hans nærmaste nabo, Olivia Havnen, er blitt drepen i løpet av natta, kvelt i si eiga seng. Same dag dukkar den ti år gamle niesa hans opp, for å bu hos han i sommarferien. Mens politiet arbeider med mordsaka, strevar Olstad med å få ferdig den definitive bygdeboka om Nes kommune. Mysteria i bygda blir djupare og djupare, i bakgrunnen ligg den skremmande skogen, og Olstad kjenner seg stadig meir sentral blant mange mistenkte.

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979 har han gitt ut over femti bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Annonse