Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
ons 27.03.2019
12:00Fana bibliotek

Litterær lunsj Fana med Sigrun Slapgard

Kvinner i krig: Lise Lindbæk.

“Lise Lindbæk gjorde meir enn å rapportere, ho forandra livet til folk” seier Sigrun Slapgard, forfattar av biografien om Lise LindbækKrigens penn. Det er historia om ei kvinne som var pionér på fleire felt, og til høg personleg kostnad. På nært hald opplevde Lindbæk Mussolini og fascismens framvekst i Italia på 1920-talet, deretter rapporterte ho om nazistane på oppmarsj i Tyskland.

Under Spaniakrigen rapporterte ho frå fronten, og engasjerte seg for dei norske frivillige. Under siste verdskrig blei Lise Lindbæk sjølv flyktning, først i Casablanca, deretter i New York. Da brukte ho tida til å rapportere om dei norske krigsseglarane, alt i 1942 gav ho ut boka Tusen norske skip, med historiene om forsvarslause norske sjøfolk som blei ofra på havet. Etter krigen heldt ho fram kampen for krigsseglarane, engasjerte seg i gjenoppbygginga av Nord-Norge og for Europas krigsbarn.

I dagens lunsj fortel Sigrun Slapgard om eit eineståande liv og arbeid.

Annonse