Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
lør 29.09.2018
12:00Litteraturhuset i Bergen

Lillelaurdag: Zara og dei

Bok og kino.

Vi veit ikkje så mykje om Zara og dei, men dei blør visst forferdeleg mykje naseblod. Dessutan bur Zara og dei i campingvogn og dei stel visst både gryter og barn frå andre folk. 

Elisabeth Moseng har illustrert bokserien om zombiane Zara og dei, som er skrive av Bjørn Sortland. I fjor kom kortfilmen Gorillahjerne til middag som byggar på den første boka. Den har vore på festivalar over heile verda og no kjem filmen til Lillelaurdag! Elisabeth kjem for å fortelje om boka og filmen, og saman med barna vil ho teikne zombiar. 

Etter filmen skal Elisabeth lese den nye boka Misse-konkurransen om når klassen til Zara skal ha misse-konkurranse og pappa skal vere dommar. 

Litteraturkaféen i Alver er open kl. 11–15. Kom innom for bøker, grøt og moro. (30,– pr. person må betalast i døra).

Registrering til treffet i Alver frå kl. 11.00.

Alder: frå 4 år

Det blir boksalg og signering etter arrangementet.

Gratis 

Illustrasjon: Elisabeth Moseng

Annonse