Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
lør 16.06.2018
14:00Litteraturhuset

Kven bør vi heia på når Noreg ikkje er med i VM?

Linda Eide (Sverige), Lars Petter Sveen (Danmark) og Odin Eiriksson (Island) i debatt

Forfattar Lars Petter Sveen er eigenleg Italia-fan, men det er jo ikkje tingen å vera i år. Er han rett og slett nøydd til å halda med Danmark, ettersom mora er dansk? Eller kva med Egypt, i solidaritet med den turbulente politiske situasjonen der?

Som svenskgift er Sverige ein naturleg favoritt for forfattar og programleiar Linda Eide, men litt brenn også hjarta for Argentina og Brasil. Elles er det som alltid ambivalens: Etter mange år med intenst tysk fotball-hat har ho no husvære i Berlin. Men kan ein eigenleg endra seg som menneske? Og er det eigenleg trist at Noreg ikkje er med i VM?

Odin Eiriksson er komikar og vart tidlegare i år nominert til Oslo-prisen for Årets live. Han stiller til debatt med vind i segla dagen før den islandske nasjonaldagen, og ikkje minst: No som Island er med i VM for fyrste gong.

Tidlegare debattansvarleg i Dagbladet og påtroppande utviklingsredaktør i Morgenbladet, Vålerenga- og Liverpool-supporter Cornelia Kristiansen leier debatten.

Etter debatten vises Argentina – Island kl. 15.00 og Peru – Danmark kl. 18.00.

Annonse