Annonse

Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
ons 10.05.2017
19:00kåkå Sting Nere

KåKå varmar opp til valkampen: Tar politikarane folks uro på alvor?

Bård Vegar Solhjell til debatt om dei viktige spørsmåla som valkampen bør handla om.

«Eg er ein av dei mange som opplevde 1990-åra som optimismens tid, etter den kalde krigens slutt. No kjenner eg ei uro. Arbeidsløysa stig og økonomiane sviktar. Nasjonar vender seg innover. Folk mistar tru på leiarane sine, og ser mot sterke menn med enkle svar,» skriv avtroppande SV-stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell i den nye boka «Uro».

Norge kan gå tøffare år i møte. Nye utfordringar innan økonomi, migrasjon og verdispørsmål trenger seg på, og mange kjenner seg utrygge. Valkampen i haust er ein sjanse for politikarane til å gi svar. Men vil og kan dei det?

KÅKÅ onsdag 10. mai kl. 19.00 innleier Bård Vegar Solhjell til debatt om dei viktige spørsmåla som valkampen bør handla om.

I panelet er rådgivar Eirik Løkke i den borgarleg-liberale tankesmia Civita, og Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i AgriAnalyse og medlem av programkomiteen i Senterpartiet.

Etter denne debatten gir dei lokale statsvitarane Hilmar Rommetvedt og Svein Tuastad sine analysar av kva valkampen vil handla om, og korleis dei ulike partia ligg an fire månader før valet.

Er du politisk interessert, er ingen stad betre enn KåKå  10. mai!

Debattleiar er Tom Hetland, tidlegare politisk kommentator i Aftenbladet.  

Kjøp billetter HER eller i døren fra kl. 18.30.