Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
tor 28.11.2019
19:00Litteraturhuset i Bergen

Fred og krig

Kjartan Fløgstad i samtale med Heming H. Gujord.

Kjartan Fløgstad har gitt ut 16 romanar og meir enn 50 bøker i ulike sjangrar sidan debuten i 1968. I haust er han aktuell med romanen Due og drone som har fått strålande kritikkar. I romanen fører Fløgstad fortid, samtid og framtid saman på ein måte som utfordrar både lesarane og politiske makthavarar. Sovjetiske soldatar frigjer Finnmark i 1944. Ein norsk terrorist blir sporlaust borte frå fengselet i nær framtid. Brått dukkar også dei forsvunne «krigsdagbøkene» til Olav H. Hauge opp på eit eksklusivt kunstgalleri i Zürich. 

Historia er ikkje til å tru. Men kven kan skilje mellom rett og urett, sanning og løgn? Og korleis er vilkåra for å drive maktkritikk gjennom kunst og litteratur i dag? Fløgstad samtalar med Heming H. Gujord, førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

90/60,– (stud.)

Annonse