GRATIS INNGANG! Møt opp i god tid, arrangementet er kjent for god stemning og det blir garantert fullt hus på KÅKÅ!
Tysdag 24. og onsdag 25. september frå klokka 20.00 til 22.00
Under forskar-standup inntar forskarane scena på KÅKÅ kverulantkatedralen ein etter ein for å fortelje i eitt kvarter om forskinga si. Målet er å skape begeistring og forståing for ulike typar fag utanfor forskaren sitt eige fagmiljø. Dette er eit fast og populært innslag under dei årlege Forskingsdagane i Stavanger-regionen.
Tysdag 24. september kl 20-22 Narve Dolve (UiS): «Skal vi tru på sladder om læraren?» Karin Hakalax (VID): «Gud har baller! Om Guds machokvaliteter» Magne Olav Sydnes (UiS): «Problemet med antibiotika i naturen» Mette Tveit (MUST): «Oppvekstmiljø – kva skal det koste å delta?» Daniela Müller-Eie (UiS): «Gulrot eller pisk – kan vi få nullvekstmålet til å smake i staden for å svi?» Ben David Normann (UiS): «Elefanten i verdsrommet»
Onsdag 25. september kl 20-22 Astrid J. Nyland (UiS/AM): «Kvifor gjekk steinaldermennesket over fjellet etter stein?» Erik Rønning Bergsagel (MUST): «20 jomfruer og ei madam – korleis starte eit hermetikkeventyr?» Thierry Baussant (NORCE): «Biologisk mangfald i eit vannglass» Kjersti Engan (UiS): «Kunstig intelligens – kan det hjelpe patologen?» Edgar Wróblewski (MUST): «Bruk og gjenbruk på 1700-talets dansk-norske seglskuter» (på engelsk) Ruth Østgaard Skotnes (NORCE): «Vårt sårbare, digitale samfunn» Anne Kalvig (UiS): «Kan vikingtida vera framtida?»
Programleiar er Eldbjørg Vaage Melberg.