Kjønn er lett, trur vi: Det er anten mann eller kvinne. I alle verdshjørne finst det menneske som demonstrerer det motsette, nokre med livet som innsats. Mange stader har «transfolket» vore innhylla i ei tåke av mytar og fordomar, men det er no i ferd med å endra seg. Med utgangspunkt i boka Kjønn og ukjønn fortel Kristin Fridtun om situasjonen for kjønnsskeive personar Noreg og internasjonalt – og kva slags rolle ordet kjønn spelar oppi alt dette. Forlaget skriv om boka: Kristin Fridtun opnar ein ny inngang til kjønnsdebatten ved å gjere arveordet kjønn til granskingsobjekt og springbrett for vidare drøftingar av kjønn, kjønnsnormer og kjønnsidentitet. Boka gir oss verdfull kunnskap om tydings- og brukshistoria til ordet kjønn og røskar i den automatiserte og tidvis krenkjande språkbruken vår. Kristin Fridtun er sjølv homofil og transperson. Med utgangpunkt i eige liv syner hen korleis den moderne tydinga og bruken av ordet kjønn påverkar og motverkar fridomen til seksuelle minoritetspersonar. Foredraget er del av serien Folkeakademiet, et samarbeid mellom biblioteket på Schousplass og Oslo Folkeakademi
ons 13.01.2016
19:00 • Deichmanske bibliotek
Foredrag med Kristin Fridtun - Kjønn og ukjønn
Kjønn er lett, trur vi.
