Annonse

Portalen

Kalender

Fra Morgenbladets debatt- og foredragskalender
lør 11.03.2017
14:00Litteraturhuset i Bergen

Fantasiforteljingar

Forfattartreff med Gunvor Rasmussen og Odd W. Surén.

Bli med forfattar og illustratør Gunvor Rasmussen og forfattar Odd W. Surén på fantastiske eventyr! Dei vil lese forteljingar om rare og uverkelege fuglar, krigarar og drakar. Viss du ikkje har møtt hikkespett, papmodompap eller ein framgangsmåke før, blir du kjent med dei no. Borna vert invitert til å fantasere og teikne sine eigne små bøker.

Gunvor er frå Bergen, der ho også driv sitt eige kunstgalleri. Ho er utdanna i illustrasjon og visuell kommunikasjon, har teikna for avis og illustrert ei rekkje antologiar. Odd er forfattar, bokmeldar og humorist. Han har medverka i Fantasiboka med ei fortryllande forteljing om fuglar som ikkje finst – eller?

Ta med heile familien til ein fantasifull dag på Litteraturhuset!

Følg Lillelørdag på Facebook for oppdateringar!

Alder: frå 6 år

Gratis 

Illustrasjon: Gunvor Rasmussen

Annonse