Annonse
09:24 - 27. september 2013

System 1 eller 2

Therese Sollien

Annonse

Korleis kan ein strategi vera umedviten? Korleis kan ein visa til utilsikta konsekvensar for å forklara ei handling? Spørsmåla lyder sjølvmotseiande. Når ein støyter på tilsynelatande sjølvmotseiande fråsegn, kan ein velja mellom to løysingar. Den fyrste løysinga er å rekna ho som absurd, for så å gå vidare i livet utan å ha kasta vekk tida på noko som er openbert vrøvl. 

Men ein slik strategi bryt mot miskunnskapsprinsippet, som mellom anna filosofane Quine og Davidson har gjeve uttrykk for, at ein skal ta omsyn til om føremålet for samtalen er ein rasjonell diskurs. Ein lyt då gå ut frå at samtalepartnaren freistar å seia noko meiningsfylt, at orda dei nyttar er nytta i vanleg tyding, og at vedkomande gjev uttrykk for eit gyldig argument. Kva kan vera føremonen med å nytta miskunnskapsprinsippet? I denne samanhangen: at ein kan svara på Elsters utbyding utan å frykta at oppgåva er å dansa ein retorisk dans der Bourdieus forsvararar er meint å hamna på golvet, sveitte og utmødde, etter ein meiningslaus ordvals. 

Ein strategi er ein plan, det vil seia ei handling, eller ei rekkje handlingar, som er meint å nå eit spesifikt mål. Å seia at handlingane kan vera umedvitne, synest å bryta med sjølve definisjonen på kva ein strategi er. Men om vi godtek ein slik definisjon, føreset vi at det til ei kvar tid er medvitet som tek avgjerdene våre. 

Vi kan ikke love ketsjup til alle,
men vi lover å servere deg viktige saker hver dag.
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvererklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Elsters utfordring