Debatt

Såpeoperaen Hjernevask

«Ingen av dei hadde teke seg bryet med å finna ut korleis menneskelege eigenskapar blir vidareførte frå slektsledd til slektsledd.»

HJERNEVASK TV-serien Hjernevask var eit dramaturgisk meisterverk. I ein serie av spennande episodar leitte protagonisten Harald Eia etter mannsidentiteten sin, som var blitt undertrykt og gøymt bort av politisk korrekte kjønnsforskarar. Som ein annan Varg Veum var han innom både her og der og snakka med mange som sa at dei visste korleis naturlege menn og kvinner er. Men i motsetnad til den realitetsorienterte privatdetektiven trudde han kvart ord dei sa, så lenge dei gav seg ut for å representera biologien.

Det gjorde dei dessverre ikkje. For ingen av dei hadde teke seg bryet med å finna ut korleis menneskelege eigenskapar blir vidareførte frå slektsledd til slektsledd, kva slags atferd som gjev genetisk suksess og kva som ikkje gjer det.

Ein annan fjernsynsserie, Sinnasnekker', har ei mindre raffinert utforming, men grip djupare inn i identitet og biologi. Han handlar om folk som har havarert midt i ombyggjinga av huset sitt, eit svært utbreidd problem som botnar i at den tradisjonelle mannsidentiteten får altfor mange menn til å tru at dei har medfødd evne til å handtera hammar og sag. Og det blir ikkje betre av at kvinnene bruker kvinnenaturen som påskot for å sleppa å ta i eit tak. Løysninga er den same kvar gong: Det kjem inn ein traust handverkar som får begge kjønn til å kasta vrak på vanetenkjinga og læra seg å jobba.

Solveig Aareskjold
Forfatter

Mer fra Debatt