Debatt

Kven har størst penn?

«Og kva hende forresten med norma om at kritikken tar mindre hardt i debutantar enn andre?»

LITTERATUR Olaf Haagensens melding av Mattis Herman Nyquists debutroman Det er jeg som er Torvald i Morgenbladet 27. februar er ein tekst som viser at mykje er ved det gamle i norsk litteraturkritikk: Menn med meir ambisjonar enn livserfaring nyttar litteraturen til å framheve seg sjølv som retorisk kyndige betrevitarar. Men i iveren etter å vise seg sjølv som meir av eit mannfolk enn forfattaren, går det så som så både med den litterære tolkinga og logikken i eigen tekst.

At hovudpersonen i Nyquists roman er tydeleg deprimert, ser ut til å gå hus forbi. Sjølv om eg er samd i at den litterære framstellinga av Torvalds livssituasjon kunne ha vore meir litterært avansert og meir spennande dramaturgisk, framstår det lite seriøst å avfeie problemstillinga romanen reiser med at den kvite mannen i dagens Noreg bør innsjå kor heldig han er, og «se en film, ta deg en joggetur, les en modernistisk klassiker, ha sex med kona di, eller enda bedre, ha en affære, samme hva, bare foreta deg noe!».

Ja, kan ikkje folk med psykiske problem berre ta seg saman? Når nordmenn flest er materielt velståande samstundes som talet på sjølvmord er i verdstoppen målt etter innbyggjartal, og då spesielt blant unge menn, skulle ikkje psykiske problem hos dei priviligerte vere ein legitim del av mannsrolledebatten?

Haagensen set heller ikkje romanen inn i samtidslitterær kontekst. Ikkje så at dette alltid må vere del av ei god bokmelding, men det er jo spesielt at han vil avfeie denne romanen som «relevant innspill til samtalen» med ei grunngjeving som passar like godt på dei mannlege forfattarane som er mest bejubla i det litterære miljøet Haagensen er del av: «Den moderne, norske middelklassemannen, han som bryr seg om barna sine og som bare vil ‘være god’, han med den lukrative jobben og alle vennene – se og ta akt, han martres der han går!»

Kvifor skal vi ta Nyquist mindre alvorleg enn Karl Ove Knausgård, Geir Gulliksen og Tomas Espedal? Der kan ein verkeleg snakke om «selvhenført sjelegransking.» At dei skriv bøker av høgare litterær kvalitet, forandrar ikkje på det faktum at dei er kvite, priviligerte menn som skriv om si sjelelege smerte slik velrennomerte forfattarar opplever henne.

Kan forskjellen vere at dei representerer menn Haagensen gjerne vil identifisere seg med? Det same gjeld tydelegvis ikkje ein fersk forfattar som skriv om den einaste gruppa det er greit å forakte for den intellektuelle venstresida; den sosiokulturelle overklassen.

I tråd med imaget til den sosialt medvitne venstreintellektuelle (Haagensen har tidlegare jobba i Klassekampen) etterlyser kritikaren også sosialt engasjement hos den priviligerte Torvald. Han gjer seg vidare vittig med å halde Torvald fram som bevis på at Fifty Shades of Grey-feberen ikkje vil resultere i auka sadisme på soverommet: «Vi kommer til å dø ut av ren tafatthet lenge før vi klarer å finne pisken frem fra skapet.» Vel, oppsøk nærmaste krisesenter for kvinner og framfør den replikken der. Om ein ønskar å framstå som både meir mandig og meir sosialt reflektert enn den ein omtalar, må minimumskravet vere at ein sjølv klarer å ta innover seg andre delar av den norske røyndomen enn den ein har direkte erfaring med.

Og kva hende forresten med norma om at kritikken tar mindre hardt i debutantar enn andre? Det ser nærmast ut som tendensen går den andre vegen: dei mest kjende forfattarane får ikkje berre mest spalteplass, dei møter også minst motstand. Internt i kritikarmiljøet er det den tøffaste kritikken som gir høgast status, og Morgenbladet-kritikarane ser ut til å dyrke det idealet stadig ivrigare. Då må eit minstekrav vere at ein er like tøff mot veletablerte forfattarar ein har møtt som mot ukjende namn det kostar lite å angripe.

Kanskje er det også på tide å minne om at litterær resepsjon er eit samfunnsoppdrag med høgare siktemål enn å la kritikaren skrive seg inn i eit selskap av penneknektar med hår på brystet.

Merete Røsvik Granlund
Litteraturkritikar i Dag og Tid

Mer fra Debatt