Debatt

Kven er forvirra?

«Det folka bak Hjernevask oversåg, var at også menneskenaturen er blitt sånn.»

HJERNEVASK Andreas Hvidsten har i Morgenbladet 24. april ved hjelp av ein klassisk Skjervheim-vri påvist det sjølvmotseiande resonnementet hos trioen Aksel Braanen Sterri, Emil Aas Stoltenberg og Tore Wig (10. april). Dei føreset at dei sjølve skriv innlegg til avisa av fri vilje, mens dei ser på dei andre som produkt av biologiske og sosiale «fakta» eller er subjekt berre sporadisk, som i rettssalen eller som berarar av ulike rettar.

«Hvilken adferd forklarer vi med fri vilje?» spør trioen. Om det finst noko som helst som kan forklarast utelukkande ved å vise til frie val, er vel tvilsamt. Men kva sosialt eller individuelt fenomen er det Sterri &co. kan studere utan å føresette overskriding, eller transcendens, som det heiter i høgtravande tale. (Hvidsten sjølv lagar (i nr. 11) dessverre ei kunstig motsetning mellom overskriding og sosiale «fakta».)

Kor uomgjengeleg overskriding er som eit grunndrag ved mennesket, kan vi til dømes ta eit blikk bakover til tida før SV-fakultetet blei oppfunne: Mens eit kråkereir ser ut som eit kråkereir kvar det enn er plassert, har det Adorno kaller «det såkalte mennesket» bygd opp ein rik variasjon av bustader, ei stråhytte, ein romersk villa eller eit fransk slott.

I motsetning til kråka, som er nøgd med å gjenta seg, er menneskenaturen ei langt meir dynamisk affære. Det folka bak Hjernevask oversåg, var at også menneskenaturen, med sine ulike evner, som å kunne arbeide planmessig, le, gråte og felle tårer, lage og nyte musikk, skape forteljingar etc., er blitt sånn. Ved å omforme naturen – og samfunnet – forandrar Per og Pål også sin eigen natur.

Om forholdet mellom menneske og sosiale og naturlege omgivnader seier figuren Bendek i Olav Duuns i I æventyret noko som både naturalistar og subjektivistar kan legge seg på minnet: «Mannen skapte Kjelvika, og Kjelvika skapte mannen». Men denne tankegangen – som i dei harde 1970-åra gjekk under namnet dialektikk – blir vel for Sterri & co. berre eit døme på «Skjervheimsk forvirring»?

Jon Langdal

Mer fra Debatt