Debatt

Har statsråden «robuste» svar på sentrale spørsmål?

«Det finst neppe empirisk dokumentasjon for påstanden om kva 'fagevalueringer viser'.»

UTDANNING Statsråd Torbjørn Røe Isaksen vil endre strukturen i høgre utdanning til meir «robuste» høgskular og universitet. Svaret på dette er som vi veit å slå saman institusjonar til større organisasjonar. Det skal resultere i betre undervisning og forsking. Det betyr ikkje nødvendigvis at mindre campusar blir lagt ned, men kopla til større einingar. Men det synes også klart at det er snakk om nedlegging. Ved til dømes å vise til Finland, der ein klarer seg med 7 lærarutdanningar, mot 19 i Noreg, tyder det på at det kan vere klart for nedlegging av tilbod.

Dette reiser viktige spørsmål om kor godt kunnskapsgrunnlag som finst for politikken. Har departementet, i ei regjering som likar å grunngi politikken med at den skal vere kunnskapsbasert, «robuste» svar for ein slik politikk? Det reiser særleg to sentrale spørsmål. For det første, kva grunnlag har ein for å slå fast at store einingar gir betre undervisning og forsking enn dei noko mindre? Det andre spørsmålet er korleis dette kan slå ut på rekrutteringa til viktige yrkesområde i landet.

Ein kan sikkert slå fast at svært små, marginale fagmiljø med få studentar og lærarar er sårbare. Men ser til dømes på dei 19 lærarutdanningane i Noreg, er dette ikkje det typiske mønsteret. Det er derimot snakk om skilnaden mellom miljø med nokre hundre studentar og 30-50 fagleg tilsette, etter kvart relativt mange med doktorgrad og professorkompetanse – versus fagmiljø med kanskje to eller tre gonger så mykje. Liknande variasjon fins innan andre program.

Min påstand er at det neppe finst empirisk dokumentasjon for påstanden om kva «fagevalueringer viser». Frå internasjonal forsking kjenner vi tvert imot at mange framståande og sterke institusjonar er små. Dei er derimot ikkje isolerte eller fragmenterte, men har eit solid fagleg nettverk til andre fagmiljø. Det kan gjerast utan fusjon av institusjonar. Stadige strukturendringar er derimot ein prosess som kan gå ut over kvaliteten på fagmiljø. Ressursane går i aukande grad med til omstilling og byråkrati, noko som også var ei erfaring frå førre strukturendring i norsk høgre utdanning. Mange fagfolk i Danmark, som gjorde strukturendringar i si høgre utdanning i 2007, melder om liknande erfaringar.

Eit kunnskapsfelt som eg ikkje har sett at departementet har gitt gode svar på, er eventuelle rekrutteringsproblem dersom ein gjer store endringar i struktur, og eventuelt ei sanering etter finsk modell. For igjen å bruke lærarutdanning som døme. Statistisk sentralbyrå har skissert ein manko på 23 000 lærarar innan 2020. Det finst tilsvarande analysar frå SSB på andre felt, som til dømes underdekning på 28 000 sjukepleiarar om berre 20 år.

Dette er nokre av dei store profesjonsutdanningane som i dag ligg ved store og mindre høgskular. Fleire studiar gjennomførte ved Senter for profesjonsstudier (SPS) ved Høgskolen i Oslo og Akershus, baserte på omfattande registerdata, viser at dei større og mindre høgskulane spelar ei nøkkelrolle for å kunne rekruttere slike profesjonsutøvarar til sine distrikt og regionar. Det er data som kan tyde på at det vil bli enda vanskelegare å oppfylle behovet dersom ein legg ned fleire tilbod.

Den samanlikninga statsråden gjer med Finland, kan verke urealistisk, mellom anna fordi Finland har ein heilt annan status knytt til læraryrket enn den vi ser i Noreg. Der er det om lag ti søkjarar til kvar studieplass, heilt annleis enn i Noreg. Ikkje nok med det. Departementet synes ikkje berre å ville ha færre og meir sentralt lokaliserte utdanningar. Dei vil og auke inntakskravet og har vedtatt å forlenge utdanninga til masternivå. Det er sterke indikasjonar på at resultatet vil bli færre opptekne og fleire som fell frå undervegs. Det kan auke rekrutteringsvanskane ytterlegare. Kvar er kunnskapsgrunnlaget?

Kåre Heggen
Professor Høgskulen i Volda og Høgskolen i Oslo og Akershus

Mer fra Debatt