Annonse
03:56 - 16. januar 2015

Biologi og medynk

Annonse
«Ein skal ikkje sjå bort frå at jenter blir påverka av all den sytinga og klaginga dei er omgjevne av.»

LIKESTILLING

Sosiolog Gunnar Aakvaag undrar seg i Morgenbladet 9. januar over at mange norske samfunnsvitarar framleis er lite glade i biologi fem år etter programmet Hjernevask.

Det har han ingen grunn til. Samfunnsvitarar er som regel svake i realfag, og denne serien var altfor fattig på fagleg informasjon til å eigna som døropnar for folk som ikkje på førehand var inne i biologien.

Det er slett ikkje utenkjeleg at dei fysiske kjønnsforskjellane er ei årsak til at så mange kvinner utdannar seg til tradisjonelle kvinneyrke, til dømes sjukepleie.

På den andre sida er det ikkje til å koma utanom at mange kvinner manglar den fysiske styrken som trengst i dette yrket, og slit seg ut i ung alder.

At yrkesvalet er tradisjonelt, inneber at det er knytta til historiske forhold. Den sterke auken i kvinnelege lønnsarbeidarar har skjedd samtidig med den omfattande utbyggjinga av skulen og omsorgssektoren. Men ein skal heller ikkje sjå bort frå at jenter blir påverka av all den sytinga og klaginga dei er omgjevne av, ikkje minst frå menn som trur dei ville følt seg meir mandige om dei hadde levd i gamle dagar.

Solveig Aareskjold
Forfattar

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt