Debatt

Skyt ikkje pianisten

Koro er ikkje problemet, men løysinga.

«Utfordringane blir ikkje borte om sjukehus og høgskular kjøper kunst utan å nytte seg av Koro sin fagkompetanse.»

KUNST

Koro (statens fagorgan for kunst i offentleg rom) har vore uroa for korleis det står til med kunsten dei har kanalisert ut til det norske folk. Etter å ha iverksett ei undersøking har dei mellom anna avdekt at heile 22 prosent av den innkjøpte kunsten er borte. Dette er ille. Men Koro er ikkje grunnen til at det finst utfordringar med å tilby kunst der folk ferdast. Dei er løysinga.

Offentleg utsmykking er kompleks materie. På mange hald og på mange nivå. Utfordringane med forvaltning blir ikkje borte om sjukehus og høgskular kjøper kunst utan å nytte seg av Koro sin fagkompetanse, slik statssekretær Knut Olav Åmås ser ut til å foreslå som ei løysing i sin replikk til Morgenbladet 9. mai.

Det blir farleg feil, når det nærast blir gitt inntrykk av at Koro er skuld i problema. Den demokratiske modellen som ligg til grunn for ordninga sikrar både fagleg kvalitet og medverknad for den som skal overta kunsten. Difor er det også Koro som veit kva slags reiskap som må hentas fram for å reparere skadene dei no har avdekka.

Stortingsmeldinga om Visuell kunst i 2012 tilrådde ei evaluering av Koro med vekt på korleis Koro kan styrkast. Når media og politikarar no, i respons på den ferske undersøkinga, peiker på at Koro treng evaluering, så blir agendaen meir uklar. Koro har sjølve gjort undersøkinga, konkludert svara, og set tiltak ut i livet. Dette er nettopp det ein organisasjon med overordna ansvar skal gjere. No er det naudsynt at dei får ro og tillit til å gjennomføre desse, og at evalueringa held eit oppbyggeleg fokus på styrking, ikkje vingeklipping.

I staden for å oppmode private og offentlege verksemder og institusjonar til gjere kunstinnkjøp på eiga hand, slik Åmås kan tolkast ut frå det han seier til Morgenbladet, så bør vi sjå til Koro som eit forbilde og bygge på dei erfaringane dei har gjort seg. Regjeringa bør følgje opp Høgre sitt forslag til Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om visuell kunst i 2012, om å styrke kompetansen og frekvensen av privat utsmykking i offentlege rom, gjennom ei ordning for offentlege bidrag til konsulentbistand.

Som forslagstillar Olemic Thommessen, trur vi at dette vil vere eit godt grep for å styrke både den visuelle kvaliteten og kunstnærværet i våre offentlege rom.

Den nye regjeringa skal ha heider for å vere opptekne av korleis ein kan stimulere til meir kjøp av kunst. Men om ein skal gjere gode investeringar i kunst er det eit stort sjansespel ikkje å innhente fagleg kompetanse og den knowhow som en nødvendig for ein byggherre som ikkje dagleg kjøper kunst, og ikkje sjølv kan forventast å være orientert innan eit komplekst internasjonalt kunstfelt.

Som representantar for Norske Billedkunstnere syns vi det er leitt at det offentlege sine investeringar i kunst, ikkje vert betre tatt vare på. Det er ille for kunstnarane som står bak, for dei som eig kunsten, men det er aller verst for dei som skulle ha opplevd han. Koro bidreg til at det er kunst tilgjengelig der folk ferdast, og ikkje berre i galleri og museum. Og når kunst vert plassert i miljø som ikkje er tilrettelagt for kunstverk så kjem ikkje hærverk, slitasje og vanskjøtte som ei overrasking.

Det er mottakarinstitusjonane som har det daglege og praktiske ansvaret for forvaltning. Koro har eit overordna ansvar, og vi er glade for å sjå at det nettopp er dei som reagerer gjennom både å kartlegge, og å ta grep for å styrkje forvaltninga.

Med ansvar for Noregs største kunstsamling er Koro avhengig av at det daglege tilsynet vert tatt på høgste alvor. Det at Koro no sjølv har tatt tak i utfordringane dei har avdekt, bør telle positivt i evalueringa som kjem. Ingen andre etatar eller institusjonar i Noreg har ein slik kompleks kompetanse om kunstnariske prosessar, prosjektleiing og kunnskap om tekniske, økonomiske og juridiske sider ved kunstprosjekt. På bakgrunn av dette er det viktig at Koro sjølv får sjansen til å fylje opp tiltaka dei no vil sette i gong. Skyt ikkje pianisten, for då vert det så frykteleg stille.

Trine Røssevold og Arne Rygg
For styret i Norske billedkunstnere

Mer fra Debatt