Annonse
10:47 - 10. januar 2014

Jubileum til ettertanke

Historia til det sosialpedagogiske studiealternativet er til å lære av. Men den praktiske kunnskapstypen tapar terreng.

Kunnskapens søyler: Universitetsbygningene på Karl Johans gate. Foto: Knut Fjeldstad / NTB Scanpix
Annonse
På rom 444 skreiv vi fem «Innstilling om opprettelse av avdeling for sosialpedagogikk».

PEDAGOGIKK

I nyårstalen, som i valkampen, var statsministeren oppteken av at lærarane må få meir kunnskap. Det er det lett å vera samd i. «Flinke lærarar kan alltid bli betre», ifølge valkampsnakket. Men ei meir grunnleggjande utfordring er å bli samde om kva type kunnskap vi bør prioritere. Spørsmålet er ikkje av ny dato.

For 40 år sidan vedtok Universitetet i Oslo å opprette eit alternativt studium ved Pedagogisk Forskningsinstitutt (PFI). Det var oppsiktsvekkjande, av to grunner. For det fyrste skulle same institutt ha to ulike, men formelt likestilte studieopplegg, og for det andre var studieopplegget initiert og utgreidd av studentar og vedteke mot eit nesten samla personale ved PFI.

Vedtaket om Det sosialpedagogiske studiealternativet var siste akt i ein langvarig fagstrid. Dei faglege motsetnadene vart omtala som mellom dei hardaste i universitetet si 160-årige historie. Til rektormøtet i 1973 sa universitetsrektor Otto Bastiansen at «ett institutt volder universitetet mer bry enn alle de andre 139 instituttene og samlingene til sammen».

Dette var midt i positivisme­stridens tiår. Å studera dreidde seg då om noko langt meir enn å kunne gjengi pensumkunnskapane til eksamen. Grunnlagsdebatten, refleksjon over den faglege tenkjemåten, over kunnskaps- og vitskapssyn og over tilhøvet mellom praksis og teori høyrde med. Universitetet som tankens verkstad vart tatt på alvor. Men ikkje av det pedagogiske regimet ved PFI. Med nokre få unntak unnlot fagpedagogane å delta i debatten.

Dei aktive studentane meinte at striden stod om pedagogikkens sjel, om korleis faget skulle definera sine oppgåver og legitimera si faglege verksemd, om kva interesser pedagogikken burde tena. Instituttleiinga avviste dette. For dei var utfordringa å bli vitskapleg, etter modell frå naturvitskapane. Eit referat frå instituttrådet i 1970 er illustrerande:

 

[Studentrepresentanten] ba om å få redegjøre nærmere for sitt forslag (om studie­eininga Pe 2). Det ble foreslått at studentrepresentanten skulle innvilges inntil 8 min. til en slik redegjørelse. Det ble avslått med 20 stemmer. 3 stemte for forslaget og 3 avholdt seg fra å stemme.

 

Fagstriden var ikkje avgrensa til fagmiljøet på Blindern. Til dømes var Dagbladet og Aftenposten djupt engasjerte, på kvar si side. I Stortinget stilte Einar Førde spørsmål til statsråden om «den manglande akademiske fridomen og om dei autoritære styringsformene ved PFI». Statsråden ba om ei forklaring, men instituttleiinga skjøna ikkje hva dette dreia seg om: «Styret kjenner ikke til at noen har forsøkt å innskrenke den akademiske friheten for det vitenskapelige personalet eller for studentene».

Også Hans Skjervheim, den norske positivismedebattens far, deltok i debatten. Hans artikkel «Det instrumentalistiske mistaket» vart skriven på bestilling frå oss studentar som ga ut ei debattbok i 1972 (Pedagogikk - makt eller avmakt). I forordet skreiv fagpedagogen Edvard Befring, ei av dei få tilsette «svalene» med blikk for pedagogikkens sommar:

 

«Denne perioden [er] gjennombrotet for ein ny tidsalder, da politiske og verdifilosofiske stridsspørsmål trengde gjennom alle akademiske forskansingar og nødvendiggjorde revurderingar av tradisjonelle forestillingar om forskingsfridom, vitskapens verdinøytralitet, etc.»

 

Etter år med fånyttes studentinnsats i instituttets styre, råd og i utallige komitear, valte Johan Houge-Thiis, Jarl Ellingjord, Brynjulf Bjørklid, Bjørn Damsgaard og underteikna å opparbeide eit alternativ til den obligatoriske hovedfagsteorien. Vi meinte eit utforma alternativ ville sakleggjere debatten.

Vår søknad, tenesteveg til fakultetet, vart stansa av filibusterverksemd i instituttets organ. Henry Valen, dekanen ved Det samfunnsvitskapelige fakultetet, forlanga då at «saken skal på dekani bord i dette semester»!

Frå vår base på rom 444 i Eilert Sundts hus skreiv vi fem «Innstilling om opprettelse av avdeling for sosialpedagogikk». Eva Nordland (ei anna «svale») bidrog med redigerings- og skrivehjelp, og innstillinga vart oversendt fakultetet – og vedtatt den 13. desember 1973. To tilsette, Eva Nordland og Tone Skinningsrud, flytta sine arbeidsplikter over til det nye studiet frå 1974. Studentane strøymde til – det kanskje mest konkrete resultatet av positivismestriden, så lenge det varde.

Vi hadde søkt om å få opprette ei eiga avdeling. Det fekk vi ikkje. Derfor gjekk det som det måtte gå når makt blir overordna meining. Likevel vart verknadshistoria betydeleg. I dag kan den gi inspirasjon til å kjempe for den praktiske kunnskapstypen. Dette er viktig i ei tid då leiingas universitetsentusiasme ved «min» høgskole, HiOA, har fortrengt den grunnleggjande fagdebatten, fjerna mange av dei praktisk-estetiske elementa i utdanningane og redusert muligheitene for øving under kyndig rettleiing: I emne der ein før hadde undervising for 20 studentar, kan ein nå førelese for 200 – utan møteplikt. I denne situasjonen er behovet stort for ein tredje positivismedebatt.

 

Sigurd Haga

Seniorkompetansesenteret, HiOA

Du har nå lest en gratis smakebit fra Morgenbladet. Vil du ha mer godt lesestoff? Bli abonnent
Annonse

Les om hvordan vi behandler dine personopplysninger

Vi anbefaler deg å lese personvernerklæringen og sette deg inn i hvordan vi behandler dine opplysninger. Den vil gi deg bedre oversikt over og kontroll på hva som brukes og lagres av dine persondata. Du finner all informasjon her.

Mer fra Debatt